Magisk måneskinnstur
Trugevandringa som iTrollheimen og Furkunnjmat arrangerte i Helgetunmarka fredags kveld vart innertiar! Med nær fullmåne frå stjerneklår himmel og temperatur såvidt under frysepunktet, vart det ein perfekt kosetur.
Dei mesta 40 deltakarane var frå Rindal og Surnadal med fin aldersspreiing frå rundt 4 år til litt over 70 år. Stor ros til Gøran Bolme, iTrollheimen, og Britt Grete Moen, Furkunnjmat og medhjelpar Ingrunn Snuruås som hadde planlagt og førebudd denne turen.
Gjennomføringa var flott frå påspenning av truger til servering av spennande kul-turmat.
For dei fleste var nok dette første tur på truger. Derfor tok dei aller fleste Trugesertifikat – den første offisielle utdeling av Trugesertifikat, meinte oppfinnaren Gøran Bolme.
Fremst, Gøran Bolme og Britt G. Moen, bak t.h. Ingrunn Snuruås.
Etter kvart vart det litt austavind, noko som ofte følgjer med godveret på Langvatnet. Gapahuken gir ikkje ly for den, men Gøran hadde satt opp ein lavvo ved gapahuken som ly. Elles høyrde vi ingen som klaga på temperaturen, - eller noko anna for den del. Alle såg ut til å ha det riktig triveleg.
Maten som vart servert var glohane, ein lokal rett frå Mogrenda i Øvre Surnadal. Enkelt kan ein seie at det var steikt flesk og flatbrød, godt og smakfullt. Så var det potetkake fylt med kvitost, skinke og ruccolasalat, herleg! Begge desse rettane er så enkle at kven som helst greier å lage dei på neste båltur, eller ved ein av dei mange gapahukane i distriktet.
Sjølsagt var det god, varm saft og kaffe som drikke. Fin innviing av kaffekjelen til iTrollheimen, som no er ekte svartkjel.
Frå "oppgangen" til trugesertifikatet. Knebøy under hinder!
Forsering av kratt!
- Sjå dette fine treet!
Barnetruge med blinkande discolys!
Utdeling av kanskje verdens første trugesertifikat!
Slik slutta kveldsturen.
Nokre ekstra stemningsbilde nedafor!