Picasa

Mandagstrav på Leangen

I mandagens tredje løp vart det tredjepremie på Svera  som eies av Einar Mogset. Over distansen 2140 meter vart tida 1.31.1a og som vanlig kuska Thomas Mjøen. I det samme løpet vart  Søyset Kusti uplasert på tida 1.32.1 a, eigarkjørt som ho til og med var, av Willy Jonli.


Den raude hesten( nummer 3 frå høgre) er Svera med kusk  Thomas Mjøen og kor Einar Mogset er eigar, neste hest er Søyset Kusti(Willy Jonli i raud kuskedrakt) og litt bak er Millionfaksa ( Karl Nordtømme i blå drakt). Foto: Thea Mogset .

Den samme hesten vart også sjenert av ein annan kusk , noko som skjer av og til i travsporten.

Millionfaksa som er eigd av Randi Fiske og Kjersti Botten vart også uplasert på tida 1.32.5 a, og den vart kuska av Karl Ove Nordtømme. Søyset Varg med eigar og kusk Lene Søyseth vart ogå uplasert på tida 1..33.4a.

I det niende løpet vart det sjettepremie på Alsaker Knekten. Tida vart 1.25.1 over distansen 1680 meter. Eigar er Odd Einar Kvande og kusk var Atle Solhus.

I mandagens tiande løp vart Nina Corleone uplasert på tida 1.20.3 g over distansen 2160 meter. Eigarar er Elisabeth Engset og Stein Engset med Edvad Kristiansen som kusk.

Arnfinn.Hest med startnummer 9 er Svera og neste hest er Søyset Kusti. Foto: Thea Mogset .