
Mange let seg inspirere
Til tross for sterk konkurranse frå Petter Northug & co i Holmenkollen, var det mange som tok turen til inspirasjonsdagen på Utstillingssentret (Gammelfabrikken) i Todalen måndag. Der heldt Byggmakker, Eiksenteret og Polaris Nordmøre open dag og viste kva dei hadde å by på. Her var det høve til å kike på utstillingane av baderomsmøbler, sommarens hagemøbelkolleksjon og mykje anna. Eik-sentret viste fram sin nyaste traktor og ein del andre aktuelle varer og Polaris Nordmøre hadde snøskutarar og ATV. Les meir og sjå bildekavalkade på todalen.no.

.png)

