Nett 04 Graut_1024x715

Mange på Syng-med-oss i Bøfjorden

Det gode besøket på “Syng-med-oss” i Bøfjorden Grendahus kvar 1. mai viser at folk er glade i å synge, glade i å høre andre synge og glade i sosialt fellesskap. Bortimot 80 møtte opp også i år. Bernt Bøe har sendt oss flotte bilder som viser at også de i Bøfjorden har hatt en trivelig 1. mai.

Todalskoret og arrangør Åsskard Kyrkjekor ønska vel møtt med den festlege “Grautmarsjen” - ein bruraslått frå nettopp Todalen, med tekst og arrangement av Bernt Bøe. Bygdesongane frå Bøfjorden og Todalen vart så framført i fellesskap.

Graut og bakels gjekk unna. Dei næraste er Kirsten Baadnæs Bøe saman med Eiri Henriksdatter Blekken og Brit Heggem. (Foto: Bernt G. Bøe).


Svisker som “Minnenes melodi”, “Vandringsmenn synger”, “Skomværvalsen” og “Gryta hennar mor” vart plukka fram frå allsongheftet og sungne med liv og lyst.
Frå korprogrammet nemner vi Beatles (Yesterday), utdrag frå “Sound of Music” (Edelweiss og Climb ev’ry Mountain), frå “Visst skal våren komme” (Når alt er stille + tittelmelodien) og ein bukett Bellman-viser (Solen glimmar, Fjäriln vingad og Vila vid denna källa) forutan “Måke fortell” og “Anna Lovinda” frå Ønskekonsertens glansdagar.

Over ser man shanty-gruppa:
Frå venstre Gunnvald Bøe, Per J. Riksheim, John Moe, Øystein Moe og Einar Husby..
 

Allsongen gjekk etter ønskekonsert-prinsippet, det betyr at publikum valde stoffet. Innimellom gav Gunnvald Bøe mosjon for lattermusklane.
Sigrid Bøe studerer solosong ved Konservatoriet i Trondheim. Ho framførte Griegs “Ave maris stella”, “Den store hvite flokk” og “Margretes Vuggesang”.
 

Karen Oddny og Sigfred Gravvold (song) og Oddmund Solem (trekkspel) kallar seg KoS. Og kos-eleg let det når dei serverte sine vårsalmar og viser.

Karen Oddny og Sigfred Gravvold syng duett. (Foto: Brit Heggem)

Oddmund viste seg igjen som dyktig konsertmusikar – m.a. med to sjølvkomponerte stykke og ikkje minst med variasjonsverket “Karneval i Venezia” av Pietro Frosini. Den sette publikum stor pris på etter applausen å dømme.
Sjølsagt var det kaffebord med gode saker attåt. I pausen selde arrangørane Åsskard Kyrkjekor lodd i massevis. Og godt er det, for dette koret finansierer store musikkproduksjonar gjennom året, som påskesongmesse, Jonsvaka, julekonsertar og andre prosjekt saman med profesjonelle musikarar. Trekninga av loddsalget var såleis eit av høgdepunkta denne 1. mai-dagen.
 

Oddmund Solem imponerte stort med Frosini. (Foto: Brit Heggem)


Til slutt song vertane “Vänskap” av Joseph Haydns - ein tittel som oppsummerer mykje av som nettopp prega 1.mai-dagen på Bøfjorden Grendahus.

Slekt og musikkvenner ved kaffebordet. Frå venstre Sigurd Solem, Bjarne Solem, Oddmund Solem, Karen Oddny Husby Gravvold og Sigfred Gravvold. (Foto: Bernt G. Bøe)