politi[1]_350x234

Mann funnen etter leiteaksjon

Ein mann i 30-åra frå Surnadal er funnen i live i bilen sin. Det blei sett i gang ein leiteaksjon etter at han ikkje møtte på jobb i dag tidleg.

Bilen blei funnen parkert ved vegen på Nordvikstranda i Todalen. Mannen blir no ifølgje politiet teken hand om av helsepersonell, melder nrk.no.

Det var arbeidskollegaer av mannen som melde frå til politiet då han ikkje møtte på jobb som venta i dag tidleg. Mannen var observert køyrande til jobb litt over klokka 07 i dag, men dukka altså ikkje opp på arbeidsstaden.

Politiet starta søk langs vegane i området og rekvirerte helikopter frå Ørlandet flystasjon. Også arbeidskollegaer og andre frivillege var med i leitinga etter mannen.