Margrethe Andersen_350x233

Margrethe tippa rett revynamn

Svarrabærje Teaterlag har 10.november premiere på sin nye bygdarevy, og har i den samanheng invitert til konkurranse om å tippe namnet på revyen. Mange oppfinnsame forslag kom inn, og nokre klarte også å resonnere seg fram til rett tittel ut frå ledetrådane som vart lagt ut. Margrethe Andersen var blant dei som hadde funne ut at revynamnet måtte vere ”18 centi”, og ho er no trekt ut som vinnar av konkurransen.

- Artig konkurranse, og kjempeflott gevinst, seier Margrethe etter å ha motteke premien – eit gåvekort frå Amfi Surnadal til ein verdi av 300 kroner.

Fram mot avsløringa i forrige veke, har Svarrabærje Teaterlag gjennom annonser og artiklar på Trollheimsporten og i Driva presentert tips og ledetrådar om kva som er revynamnet. Blant hinta har vore ”Byggje-boom med ein liten byggje-bom”, og at tittelideen dukka opp tidlegare i haust i samband med ei sak med stort spenn i sentrum av Surnadal – der det vart satsa høgt, men delar av prosjektet endte litt lågare enn planlagt. ”Myndig + mynt + vokal” var også eit tips, i tillegg til at det vart slått fast at tittelen var open for tolkingar.

Svært mange skjøna at revytittelen hadde assosiasjonar til ”Vengespennet”, gangbrua mellom Vårsøg Hotell og Surnadal Hotell som viste seg å ha blitt lågare enn planlagt. Men mykje anna kan – og skal - tolkast inn i tittelen.

”18 centi” er altså det rette svaret, men blant dei innsendte bidraga var også forslag som "Undergangen", "Tube or not tube", "Luft poinni vengan", "Walk over", "Bergsveien", "(G)low", "Luftslottet", "Sidespranget", "Spenstig", "Bomstasjonen", "Inn og ut" og "Færr høg og låg".