Markering av FN-dagen i Mosoknet
Torsdag 24. oktober er FN-dagen, og Mo Sokneråd inviterer til feiring i samarbeid med Surnadal Folkeakademi.
Under gudstenesta i Mo kyrkje kl. 18.00 blir det liturgi på fleire språk som norsk, engelsk, russisk, tysk, nepalesisk og filippinsk. Songkoret Tormod har fått ny dirigent i Sander Van Der Loo og skal opptre med songar på fleire språk.
På denne måten håpar ein å bidra til å integrere utlendingar i bygda.
Etter gudstenesta blir det kaffeservering på Mo oppvekstsenter. I tillegg vil Nils Røv halde foredrag over temaet «Korleis går det med naturen og oss?» der han tek utgangspunkt i rapporten frå FNs klimapanel. Han har også med seg munnspelet.
Olav Bergheim vil orientere om Surnadal kommune sitt arbeid med å busetje og integrere flyktningar.