
Markering av kulturminnedagen på Åsen Bygdemuseum 9. september
Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø. Årets tema er "Møtestader", noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad - som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.
Glimt frå museet på Åsen. Foto: Surnadal museum
Arrangementet startar klokka 12 i fjøset, og først på programmet står Eistein Bæverfjord som mellom anna vil vise sin film om Åsskard Bygdekvinnelag, - ein møtestad for kvinner gjennom 60 år. Vidare vil Nils Røv halde eit innlegg med utgangspunkt i dagens tema. Både Eistein og Nils er habile og dyktige historieformidlarar - og kanskje blir det også musikalske bidrag frå dei begge.
Det vil bli sal av kaffe og bakels, og det er ope i museumsutstillingane frå kl. 12 - 16.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Todalen historielag, Stangvik historielag og Surnadal Museum.
Velkomne til kulturminnedag !
Vil du vita meir om Surnadal museum? Klikk deg inn på heimesida deira!