Rigmor Brøste og Leif Magnus Sættem[1]

Markering av villaksens år

2019 er villaksens år. At Surnadal var ein av plassane det blir markert i, er ikkje tilfeldig. Det var lett å velje bygda vår, da vi har hatt tradisjonar med laksefisking i mange år, laksefestivalar og no sist laksedagar.

Arrangørane var fornøgd med oppmøtet. Omkring 40 personar kom til Storstuå i Surnadal kulturhus torsdag kveld i anledning markeringa. Fylkesmann Rigmor Brøste ønska velkommen. Ho har vokse opp ved lakseelva Driva i Sunndal. Ho kunne fortelje at målgruppa for kvelden var både ferske og drevne laksefiskarar, og at laksen har vore her sidan siste istid. Vi er eit viktig laksefylke med flotte, unike lakseelver i alle størrelsar. Laks er viktig for livskvalitet, helse og næringsliv.

Leif Magnus Sættem har jobba for fylkesmannen i Møre og Romsdal sidan 1992. Han hadde eit populærvitenskapleg foredrag "Laksen - den lange historia, situasjonen i dag og tankar om framtida". Der bruka han sin vitenskap og erfaring til å forklara oss om villaksen ved hjelp av bilete med bakgrunnsmusikk, gode tekster og dikt. Han viste fram statestikk, figurar og tal, og vi fekk sjå filmar frå fiskeobservasjonar og fluefiske.

Han kunne fortelje at vi har 225 artar laksefisk, derav 47 arter laks og ørret. Den atlantiske laksen er holdt for å være den "flottaste" av lakseartane ,og den gyter fleire gonger. Laksen lokaltilpassar seg kvart vassdrag; dei i Surna er seg sjølv lik, og dei i Bøvra er seg sjølv lik. Vi fekk høyre om truslar for villaksen, som lakseparasitten (som kom med settefisk frå Sverige), lakselus, rømt oppdrettslaks og vannkraftregulering, og vi fekk vite om tiltak som for eksempel å bygge laksetrapper - som er kostbart, men viktig.

Sættem viste oss korleis laksens skjel kan samanliknast med treets årringar. Den har eit antal skjel frå han er liten, og dei veks i takt med fisken. Der ein ser at den har vokse seint, har det vore ei kald tid. Ein kan sjå kor gammal fisken var da den dro ut, og kor lenge den har vore i havet. Vidare fortel han om laksens «harde skule»; der sluttregnskapet av 1.000 rognkorn er 1-2 gytelaks. Om natur generelt må utfordringen og målet være – som Sættem sa - å handtere, forvalte og omgås den med større respekt og ydmykhet enn til nå.


Bildet: Leif Magnus Sættem og Rigmor Brøste