Øra 001_250x167

Martnads-stemning på Øra

Tor Rune Halset på Hammerstuene har hatt travle dagar under årets Øra-Martnad, men er godt fornøgd med martnaden og publikumsbesøket denne helga. - Laurdag kveld var heile 430 personar her på utedansen med Daladreker'n, fortel Halset, som er martnadsleiar og blant eldsjelene som står på for å skape aktivitet på Surnadalsøra.

Øra-Martnaden foregikk i godt ver både laurdag og søndag, og stemninga var god hos publikum og dei mange utstillarane. Loppemarknad i Trudvang, konsertar og utstilling i bedehuset, matservering, utedans og mange salsboder prega Øra denne helga.

Vilde Johannessen Mikkelsen (9 år), Marit Lyngstad (snart 8), Emma Fiske (snart 10) og Ane Lyngstad - på øvste bildet saman med Tor Rune Halset - var blant dei mange som hadde salsbod, og som tykte det var artig å delta på martnaden.

Emma og Odd Einar Hammer (bilde nr. 2) sette også stor pris på at det igjen er meir aktivitet på den gamle handelsstaden Surnadalsøra. Frå stolane på fortauet hadde dei to Øra-veteranane full oversikt over det yrande livet, og slo av ein prat med dei mange kjenningane som spaserte forbi.

- Men det bur for få ungdommar her. Vi får håpe det betrar seg, seier Odd Einar.

Surnadalsøra Velforening arbeider både for å ta vare på samhaldet og den bygningsmessige og historiske kulturen på Øra, og vil leggje til rette for at folk ønskjer å busetje seg i det tidlegare kommunesenteret.

Martnaden er eit av tiltaka for å skape aktivitet på Øra, der mellom andre Historielaget engasjerer seg for å ta vare på historia gjennom innsamling av gamle bilder og historier.

Svein Tjelle, Brit Lorentsen og Per Sæter (bilde nr. 3) var blant historielagsmedlemene som i helga både viste fram og samla inn bilder og selde historieheftet "Surnadalsøra i gamle dager".

 Les meir om Øra-Martnaden her.