
Slik blir "nye" Vårsøg Hotell
Med naturen på veggen

- Eigarane sin tanke er at moderniseringa skal gi hotellet konkurransekraft i framtid. Surnadal si geografiske plassering kan vi ikkje gjere noko med, og andre hotell har kanskje eit fortrinn i forhold til kommunikasjonar og sentral plassering. Men vi skal vere kjempegode på service og opplevingar, seier Brøske.
Natur og kultur er stikkord for nysatsinga på Vårsøg Hotell. I tillegg til at Kalla Skrøvseth sin kunst blir med vidare, betyr dette at alle hotellromma har sitt særpreg. Dei fire årstidene er utgangspunktet for fargevala, kvart rom er oppkalla etter eit av Hans Hyldbakk sine dikt og har dessutan et stort fotografi – inspirert av dikta – på veggen. Dikta vil dessutan liggje på romma, slik at gjestane kan lese dei. Fotografia -som viser naturen i Surnadal og nabokommunane - skal automatisk bli opplyst når gjesten kjem inn på rommet.
(Øvste bildet viser Bergsvein Brøske ved sidan av fotografiet av Innerdalstårnet. Bilde nr. 2 viser Stangvik).
- Øyvind Leren har vore vår foto-mentor, og i tillegg til han, har Thomas Nergård, Nils Olav Talgøy, Karstein Telstad og Frode Hansen fotografert for oss, fortel hotelldirektøren.

Romma er i ulik storleik og utforming, slik at gjestane kan velje etter behov og ønske. Dette inkluderer både juniorsuiter, fire damerom og to herrerom.
- Vi brukar gjennomgåande eik i ein tidlaus stil, og parkett – ikkje tepper – på golva. Detaljane og komforten er heilt avgjerande. Difor har mellom anna badet vegger av frosta glas. Dusjen er innelukka med gjennomsiktig glas, slik at ein unngår å søle vatn over heile badegolvet.
Vårsøg Hotell siktar seg inn mot kurs/konferansar, næringsliv og ferie/fritid, men Bergsvein Brøske understrekar at bebuarane i Surnadal også er ei svært viktig gruppe for hotellet.
- Kundar er noko ein gjer seg fortent til, og sjølvsagt er målet å bli eit hotell som blir brukt av surnadalingane. Det vil mellom anna bli dansebar og pub som er open dagleg, og vi vil invitere til fotball på storskjerm, dart, matopplevingar i restauranten og mykje anna. Til jul vil dessutan diskoteket med 18-årsgrense stå klart.
Sjå planteikningar av hotellutbygginga her.
Arbeidet med ferdigstillinga av ”Vengespennet”, bruovergangen mellom hotellet og Surnadal Kulturhus, pågår også for fullt no.

- Denne gangbrua er eit godt døme på at 2 og 2 kan bli 5, meiner Brøske. (Bilde nr. 3)
- Det handlar om å utvikle Surnadal, og samarbeidet – sambygginga – mellom hotellet og kulturhuset, gjer at vi får synergieffekt. I tillegg vil brua bli eit landemerke, ikkje berre for Surnadal, men for heile Indre Nordmøre.
Klikk på bilda under for større versjonar.

.png)








