
Med segl og Wichmann i Storstuå
Laurdag kveld vart fjordakabareten "Med segl og Wichmann" framført av Bøfjorden Mannskor, Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor, solistar, aktørar, barn og musikkgruppe i Storstuå i Surnadal Kulturhus. Sjå bildekavalkade frå framsyninga her!
Bernt Bøe står bak tekst og musikk til kabareten, som vart laga i 1995 og har vore framført i fleire stader på Nordmøre og på Sandøy i Romsdal.
"Med segl og Wichmann" er ein liten musikal over levd liv og autentiske hendingar i fjordbygdene våre. Mennene er med skuta "Bøfjord" i strev og storm og stille, medan kvinner og barn ståkar på land. Framsyninga inneheld både humor og vemod, drama og romantikk, og nokre av "gamlekarane" er med i arkivopptak!
Bilda er frå generalprøven laurdag ettermiddag.
Klikk på bilda for større versjonar.

.png)











