
Meir frå Næringsdagen til Surnadal Sparebank
Rindalslist
Bedrifta som har lista seg inn på markedet, sa Ove Snuruås da han introduserte Hege Gåsvand som skulle snakke om utviklinga hos Rindalslist AS. Hege er dagleg ledar av Gåsvand Eiendom, og Rindalslist er datterselskap. Rindalslist vart frådelt Rindalshytter i 2002. I lag med Rindal Byggevare AS utgjer desse tre verksemdene Gåsvand Eiendom. |
![]() |
Hege hadde bratt læringskurve fra ho jobba i det offentlege til ho begynte i bedrifta til faren. Ho var godt fornøgd med det valget.
Mykje har endra seg. Dei har lagt stor vekt på merkevarebygging. Før var lister noko som skulle skjule feil og manglar. Det nye dei ville med Rindalslist, var at lister skal vere interiør!
Dei fekk ein industridesigner til å lage produktet FINIS for Rindalslist.
Mål: Kundane skal komme inn hos trelasthandlaren og spørre etter Rindalslist og få det!
Surnadal Transport er ein viktig samarbeidpartner for Rindalslist. Dei er med og gjer Rindalslist kjent utover landet, og er ein presis og påliteleg leverandør.
Logistikken frå fabrikkområdet til trelasthandlaren er viktig, og det har Rindalslist jobba med.
Gode vegar og samband er også viktig for utkantbedrifter, både for produkta og for å få kvalifiserte folk.
Velværesentret
Ann Kristin Bruset stod utan tvil for det sprekaste innslaget på Næringlivsdagen til Surnadal Sparebank. Innslaget vart innleda med fleire ungdommelege dansenummer, før ho instruerte heile forsamlinga i avslappingsøvingar.
Ann Kristin er dagleg leiar av Surnadal Trenings- og Velværesenter, og ho fortalte om korleis vegen hennar hadde vore gjennom livet fram til dette stadiet.
Ho lika å vere til for folk. Det kjenner ho at ho er på Velværesentret. - All innsats du gjer for folk får du tilbake, sa ho. Ho takka og alle som hadde støtta ho og tiltaka hennar framover.
Til slutt oppfordra ho bedriftsledarane i salen til å kjøpe treningstid for dei tilsette,
- få ned sjukefråveret og få opp innsatsen!
Her tek heile forsamlinga kraftige dobbeltak, som om de skal konkurrere med Marit og Petter!
Klikk på bilda nedafor for å sjå dei større og som bildeserie!
.