IMGP9047

Tørsåskyrkja på sitt beste

Meir frå søndag ved Tørsåsløa

- Eller var det Tørsåsløa som hadde vorte fleirbrukshus? Sundag var den eigna til kyrkje. Som den var eigna til kafè. Visstnok var løa både varmestove og samlingspunkt for skiløparar òg. Det er sokneprest Lene Gåsvatn, eller Lene prest, som skriv dette til Trollheimsporten etter det første besøket sitt på Tørsåsløa.
Arrangementet sundag starta med gudsteneste. Forenklinga av liturgien skulle bli kompensert av musikken. Kva gjer me vel ikkje når me manglar kyrkjeklokker, anna enn å få trekkspelaren Jan Sturla Jensvold til å spele “O when the Saints go marching in....” Så samla kyrkjelyden seg: Nokon inne, nokon ute og nokon utanfor høyrevidde. Samla sett skulle me bli om lag 120 på gudstenesta som neppe skulle bli meir dryg enn bakkane opp til Tørsåsløa.

Så var det skirenn for alle. Ei runde i løpa kvalifiserte for fine premiar sponsa av Telenor. Det kan vera det vil vanke flust med blå ryggsekkar, vassflasker, buff og luer i Rindal etter dette skirennet.

Eit arrangement av slikt kaliber krev sitt av dugnad og samarbeid. Rindals-Troll og Skigruppa har så sterk rutine på den slags at det synest som at ting går av seg sjølv.

Dette skriv Lene prest til Trollheimsporten.
Foto: OleT
IMGP9022
Mykje folk, unge og vaksne, strømma til Tørsåsløa søndag føremiddag
IMGP9014
Jon Gåsvatn var her for første gong og fekk orientering av veteranar!
IMGP9039
Jan Sturla Jensvold spela folket saman
IMGP9047
Så var det sportsandakt med song og gudsord
IMGP9043
- med folk både ute og inne
IMGP9051
Etterpå var det skirenn og kø for å få starte
IMGP9057
Alle vart registrerte og tok runden, men det vart kø i den brattaste bakken
IMGP9074
Inne gjekk salget av bakels, kaker og kaffe for fullt
IMGP9075
- og folk kosa seg rundt borda så langt det var plass
IMGP9078
Tilslutt var det premieutdeling
IMGP9084
Lars var glad for Telenorsekken han fekk
IMGP9072
Ledar for skiavdelinga, Johan Landsem, og ledar i IK Rindals-Troll har all grunn til å vere fornøgde med dagen!