Tips en venn
Send til e-post:
Fra e-post:
Melding:
Kode 

Meir om musøre

Den som går litt i fjellet, har sikkert lagt merke til denne miniplanten, musøre, eller Salix herbacea, som veks som store, blanke , grøne teppe i fjellet.

 
Planten er berre 1-2 cm høg, og namnet har han sjølvsagt fått på grunn av at blada liknar små musøre. Musøre høyrer til same familie (salix) som vier, pil og selje, og har han- og hoblomster på ulike individ. No blomstrar musøra, iallfall oppi Storfjellet.
 
- men du må legge deg ned på kne for å kunne sjå kor utruleg fine desse
små plantane er. Her er det hoplanten som blomstrar. - Og hadde vi hatt
betre fotoutstyr, kunne vi kome enda nærare innpå. Vi får sette det på ønskelista!