Meir om stadsnamn

Magnar Almberg har fleire synspunkt om temaet stadsnamn i Rindal:
 
 
Først vil eg gje ein fortjent honnør til Jon Solem for ei svært god orientering om gardsnamn.
 
Men det er og andre stadnamn i bygda som er på tur ut. Dei fleste bustadfelta i kommunen har "oppkonstruerte" namn som sannsynlegvis har vorte til under planlegging og utbygging, slike som østre/vestre og nordre. Det er sikkert gamle namn på desse plassane som like godt kunne ha vore bruka. Men ein må da i rettferdighetens namn nemne at det er og boligfelt me dei "rette" namna som: Sunna/ Glennhaugen og Tiset. For nokre år sidan var det lagt ned eit stort arbeid med å få desse namna festa til kartet, dette materialet er tilgjengeleg på museumskontoret. Kva med å sjå litt meir på dette når det vert snakk om namn på vegar/gater og bustadfelt.
 
Helsing Magnar Almberg