Alfred Trønsdal_550x413

Meir om Trønsdal

Onsdag hadde vi eit oppslag om Alfred Trønsdal som har fått oppkalla ein veg etter seg i Trondheim. Ragnhild Stavne Bolme har sendt oss meir om familien Trønsdal:

Tenkte eg skulle gje fleire opplysningar om familien Trønsdal, skriv Ragnhild Stavne Bolme. Bestemor til Alfred Trønsdal var Gjertrud Øyen, frå Nedre Øyen, og bestefar, Alv Sverkeli, var frå på Plassdalen under Sverkeli.

Dei busette seg i Øvre Åøya under Austistu Trønsdal og fekk tre søner, Mikkel, Lars og Jon. Mikkel var som nemnt far til Alfred Trønsdal. Den yngste bror til Alfred, Einar Trønsdal var f. 1913. Han var under krigen aktivt med i motstandsrørsla. Kjernen i organisasjonen var radikale patriotar frå Arbeidernes Ungdomsfylking, NKP og andre lag. Avdelinga i Trondheim var svært aktiv.  

Gruppa vart avslørt og Einar Trønsdal og 9 andre av medlemane i gruppa vart avretta på Kristiansten Festning 19.05.1943. Peder Morset, som Per Hansson skreiv om i boka "Og tok de enn vårt liv", vart avretta i lag med dei 10 ungdomane. I boka skriv Per Hanson om dei siste dagane før avrettinga.

Desse motstandsfolka gjorde ein stor aktiv innsats og ofra livet sitt under krigen likt med mange andre, men da krigen var slutt kom dei heilt i skuggen av til dømes Milorg, mykje på grunn av den kalde krigen og kommunistmotstand. Dei var ikkje "stuereine".

Innsatsen deira har kome meire fram i lyset no i den siste tida, - og det er på tide, skriv Ragnhild Stavne Bolme til Trollheimsporten.