
Meir ungdomspolitikk
Før årsmøtet i slutten av september har dei som mål å bli 30 medlemmer. I april er det vervemånad for Senterungdomen over heile landet. Da skal dei ha skulebesøk, og kafékveld for å gje fleire høve til å bli kjent med senterpolitikk og finne ut om det er noko for dei. «Vi håpar at mange vil vere med og sjå kven vi er og kva vi vil jobbe med, og kanskje nokre og bestemmer seg for å verte medlem,» skriv dei i ei pressemelding.
Dei vil jobbe mykje for at Ungdomspolitikk kjem på dagsorden i Surnadal.
Surnadal Senterungdom har to namn på vallista til hausten: Erik Mogstad, som har hatt ein periode i Kommunestyret, og leiar Lise Bjerknesli står på 3.plass som ungdomskandidat.
Innimellom all politikken ønsker dei og å ha ein del sosiale og berre morosame aktivitetar. På mai skal dei derfor på bowling-tur til Orkanger.
På oppstartsmøtet vart dei og
inviterte til Oslo av Stortingsrepresentant Jenny Klinge, og det er
eit tilbod dei ønsker å takka ja til, og som styret kjem til å
arbeide med.
Styret som vart vald:
Leiar: Lise Bjerknesli
Nestleiar: Sondre Ormset
Kasserar: Karin Åsbø
Aktivitetsansvarleg: Margrethe Andresen
Styremedlem: Nils Olav Aasen
1. vara: Olav Mogstad
2. vara: Erik Mogstad
3. vara: Bjørn Kristian Brøske
Bilde til høgre: Nestleiar Sondre Ormset og leiar Lise Bjerknesli

Olav Mogstad, Lise Bjerknesli, Ormset, Nils Olav Aasen frå styret saman med Jenny Klinge

.png)

