Header

Stangvik kyrkje

Mektige tonar i julenatt

Dei omlag 160 publikumarane som hadde funne vegen til Stangvik kyrkje denne regntunge torsdagskvelden tett innåt jul, fekk ein minneverdig konsert med aktørar av høg klasse. Det var sjølvsagt mest julesongar, men vi fekk òg med oss ein opera-godbit. 

Anders Larsen og Hedda Hansen Berg opna konserten med det vakre «Julverset» som er ein tone frå Stangvik. Då var stemninga sett!

Sigrid Vetleseter Bøe var konfransier og batt det heile saman på ein fin måte. Hennar første song var «Have yourself a merry little christmas», akkompangert av Berg på piano. Ho viste tidlig i konserten at ho har ei vakker stemme. Vi fekk òg høyre «Siciliano» J.S.Bach`s fløytesonate i Eb. Det var Marthe Belsvik Stavrum som sto for fløytespill.

Torstein Fosmo, student ved Malmøoperaen, song «See amid the winter`s snow» på mesterleg vis.

Anders Larsen spelte både «En moders drøm» av Ole Bull og eit stykke frå «Årstidene» av Vivaldi, nemleg «Largo». Larsen viste at han er ein fiolinist frå øverste hylle!  Men det visste vi då frå før! Han kunne òg fortelje at fiolina hans og «Årstidene» var laga omtrent på same tid, rundt 1730. Altså snart 300 år sidan!

Urframføring

Vi fekk òg ein premiere på ein ny song som var komponert av ein av kveldens aktører. Marthe Belsvik Stavrum hadde laga melodi til teksten "I eit skimmer" av S. Seim. Vetleseter Bøe fortalde at ho hadde spurt Stavrum om når komposisjonen var ferdig, og då svara ho: « hm…den vart ferdig i dag!» Så her var det tale om ferskvare! Og songen, jau den var fin den!

Dei to siste nummera vil eg trekkje fram som klåre høgdepunkt. «Vi klart ikkje å haillj oss oinnja opera e kveill, heillj» sa Vetleseter Bøe og fikk med seg Fosmo til å framføra eit stykkje frå «La Boheme» Du verden for ei stemmeprakt dei to innehar! Og etter at vi hadde songe, som seg hør og bør, «Deilig er jorden», fekk vi eit ekstranummer av Fosmo. Han framførte «O Helga natt» på slikt eit vis at han fekk ståande ovasjonar! Stor prestasjon!

Må nemnast at organist for kvelden var Bernt Gudrunson Bøe. Han bidro sterkt til det musikalske med sitt flotte orgelspill!

Sigrid.jpg
Sigrid Vetleseter Bøe

Anders.jpg
Anders Larsen

Belsvik Stavrum.jpg
Marthe Belsvik Stavrum
Fossmo,sigrid,anders.jpg
Frå venstre: (Delvis skjult ved pianoet) Hedda Hansen Berg, Anders Larsen, Torstein Fosmo og Sigrid Vetleseter Bøe