Lene Gåsvatn_250x188

Saker og konsekvensar

Menighetsmøte i Rindal

Vil me ha ein eller to gudstenestar 17.mai? Kva med Allehelgens-dag, skal me ha ei felles eller to gudstenestar då? Og kva med konfirmasjonen? Må me ha konfirmasjonsgudsteneste for alle på ei og same helg? Sokneprest Lene Gåsvatn har sendt oss meir om menighetsmøtet som er på Rindal bedehus søndag kveld kl.19:30.

 

Menighetsmøte.

 

Saker og konsekvensar.
 

  •  

    Vil me ha ein eller to gudstenestar 17.mai?

  •  

    Kva med Allehelgens-dag, skal me ha ei felles eller to gudstenestar då?

  •  

    Og kva med konfirmasjonen? Må me ha konfirmasjonsgudsteneste for alle på ei og same helg?


 

 

Kva vil Rindal menighet ha av gudstenestar? Biskopen spør, og Menighetsmøtet skal svare. Eller i det minste drøfte. Dette skjer under Menighetens årsfest på Bedehuset sundag kl.19.30. I dei impliserte sakene vil soknepresten tillate seg å meine eitkvart. Her er det viktig at folk kjem og bèr fram kva dei står for.


 

 

17.mai for alle.

 

 

Kva 17.mai angår, går eg inn for å ta opp att og laga ein tradisjon av felles-feiringa for nokre år sidan. Då byrja toget ved skulen, gjekk bokstaveleg talt inn i kyrkja, og så vidare til arrangement ved Sykehjemmet. Deretter var det lokale arrangement både i sentrum og Øverbygda. Gudstenesta vart til ein fest for oss alle.


 

 

Allehelgensdag felles.

 

 

Eg ser òg ein stor fordel i å ha ei felles gudsteneste Allehelgensdag. Me er ikkje fleire i soknet enn at me kjenner til kvarandre uansett kvar me bur i bygda. Det kan gjera godt å vera saman i sorga uansett kvar i soknet ein måtte bu.


 

 

Konfirmasjon på kunden sine premissar.

 

 

Kva konfirmasjon angår, har vedtaket vore at den skal skje siste sundag i mai så framt dette ikkje er pinsehelg. Når kulla har vore store, har det vore konfirmasjon både laurdag og sundag same helga. Så blir soknepresten forhandlingsleiar for å ungå at alle tingjer seg konfirmasjon laurdagen. Eg er svært lite bekvem med denne rolla. For dei fleste har slekt sørpå, og oppbrot midt i selskapet er ikkje godt.


 

 

Eg vil ynskje at kyrkjelyden strekk seg langt i å koma ynskje frå konfirmantar og familie i møte. Dette kan ein gjera ved å gå inn for at konfirmasjonen skal føregå to laurdagar på rad. Då styrer me unna problema me har med noverande ordning:

 

  •  

    Dei desidert fleste vil ha laurdag som konfirmasjonsdag.

  •  

    Det er meir fleksibelt når det er fleire konfirmasjonar i slekta same våren.

  •  

    Ingen skade skjer om soknet tek omsyn til dei som driv servering og/eller catering.


 

 

Og eg undres:

  •  

    Kvar skal me setja grensa for om det skal vera ei eller to konfirmasjonsgudstenestar?

  •  

    Kan det vera aktuell politikk med desentralisert konfirmasjonsgudsteneste, les Kapellet?


 

 

Om forordna forordning.

 

Hovudsaka på Menighetsmøtet går på forordning av gudstenestar. Me skal uttale oss om kva me ser naudsynt av gudstenestar på sundagar og heilagdagar, samt kva gudstenestar det er ynskjeleg at kjem i tillegg.


Instruksen frå biskopen går på at presten skal stå for 45 hovudgudstenester i året. Desse kjem på sundagar/heilagdagar.


 

Ekstra hovudgudsteneste både her og der.

Ut over dette kjem såkalla ekstra hovudgudsteneste på sundagar/heilagdagar etter lokale høve. Døme på dette er julaftan, nyttårsaftan, 1.mai, 17.mai og dei tre 2.dagane i høgtidene.


Dessutan blir gudstenestar utanom kyrkja rekna som ekstra hovudgudsteneste. Til dømes:

- Lomundsjø bedehus, famileisamling 4.s. i advent

- Eldresenteret to gonger årleg pluss den stille veka

- Museet når det er tunmesse

- Skarheim når det er årleg stemne i august

- Tørsåsløa i mars i samarbeid med idrettslaget


 

Sære gudstenestar.

Ut over dette har me andre gudstenestar i tillegg til hovudgudstenestar. Dette er til dømes gudstenestar med skulane og gudstenestar i regi av trusopplæring. Skulle alle arrangement på Sykehjemmet og Austigard i regi av prest og organist koma inn under kategorien ”andre gudstenestar”, vorte sluttalet på gudstenestar godt synleg på statistikkane.

 

Lene Gåsvatn