Mer dialekt fra Anne Skjølvold
Takk for tilbakemeldingar på siste innlegget mitt. Gåta er løyst, og så får vi håpe at tida snart er koma til at vi kan legge vekk oillbinde` ei stund, iallfall mea oss nøne.
Til Joralf Halgunsets gåte har eg eit forslag: Det er h-en og t-en som er ytest på havet.
(-Det er muleg at ein av dei er østest)
Men ein som har drukke seg sanselaus av alkohol er vel opprykar og ikke oppbrukar?
Eit par spørsmål i dag òg:
- Gjøm og hald att er ein leik dei fleste kjenner, men kva er Ku og bjønn?
- Ein annan leik er Å spøtt kul. Korleis foregår det?
- Har nokon høyrt om ei barneleike som er kalla bænhårr (beinhorra eller beinhurra)
Kva er det?
Eit par barnevers eg har lært av min gamle svigerfar som snart blir 93 år.
(elling)
Æppel, pæppel, pirom-parom
Kråka satt på lirom-larom
Ho sa æn, ho sa to
-ute skal du være no.
Ei anna reggel så du for eksempel kan si åt æn oinne så he rolla å slie se fær å få`n te å slutt å jæp:
Høna mæg, hanin skjæt
kjuklengain krætta småe bætta
Salte` hit og mjøle`dit
Og bli du ittj go` att test emårgå
Ska oss slå ut æn stor, stor skjit.
Ei kveldsbønn te slutt:
Gut, bøye mett onge jærte tel æn sainn guss`frøkt.
Ammen

.png)

