Messe i påskesol
Friluftsgudsteneste på Haugligardane i Todalen har vore tradisjon kvar andre-påskedag i snart 20 år. Som regel har sola gjesta forsamlinga - slik også i år.
Sokneprest Kristin Strand i «Guds heilage naturkatedral», som ho kalla gudstenestestaden ovafor Bruset i Todalen. Ho forretta og hadde i preika si gode poeng om det store og samtidig ufatteleg i påskeevangeliet. Ho opna gudstenesta med å lova at sola skulle koma – og det stemte! (Kva gjorde det så om det vart nokre snøfiller om ettermiddagen?)
Organist Bernt G. Bøe feira si 16. friluftsgudsteneste med batteriorgel i snøkanten på Haugligardane. Til venstre Ester Larsen. Forsamlinga song godt og fekk påskesalmane til å gi gjenklang frå Storhaugen attafor messearenaen.
Soknerådet og idrettslaget samarbeidde som alltid. Og etter gudstenesta var det gode pølser og varm kaffe på alle bord.
Salmeboka vart flittig bruka – her av Einy Elgsæther, Øystein Moe og Einar Husby.
Tekst: Bernt Bøe
Foto: Randi Vetleseter Bøe