Mesterbudeie

Ingeborg Rindalsholt vart i helga norgesmester i maskinmjølking, klasse junior, under Norges Bygdeungdomslags hausstemne i Skogn. - Det va kjøle gøttj, seier ho.

43528189_331666777391863_4709769044104839168_n_690x460.jpg
Ingeborg Rindalsholt står øverst på pallen i lag med Ole Gunnar Ramstad og Hans-Egil Børstad, begge frå Oppland.

Konkurransen i maskinmjølking i fjøs med lausdrift og mjølkegrav, og går ut på å ta inn og mjølke opptil 6 kyr under oppsyn av dommarar. Deltakarane som har best muleg hygiene, stressar dyra minst, handterer mjølkemaskina korrekt og elles følger prosedyrene best, er den som vinn.

Tevlinga foregjekk fredags kveld for første gruppe og lørdags morgen for gruppa til Ingeborg. I fjor kom ho på 2.plass i same tevling da den vart arrangert på Stange i Hedmark, så no blir det satsing på førsteplass i seniorklassen som blir neste steg!

43257421_507915109676136_90003792761716736_n_690x1037.jpg

Ingeborg kjem frå ein mjølkegard i Rindal og har nærmast vakse opp i fjøset. Da er det heilt naturleg at ho no studerer til dyrlege ved NMBU Veterinærhøgskolen.

Høstarrangementet til NBU er ein minifestival som inneheld både tevlingar, bedriftsbesøk, konsertar og festbankett. Over 200 ungdommar deltok på stemnet i Skogn.

Les om alle tevlingane her, for det var fleire rindalingar med!

43285528_1395260757278183_392805605674319872_n_690x1139.jpg

Maskinmjølking 2-page-0.jpg