miljøfestivalen 1_250x188

MGP jr.-gjengen fylte Storstuå - og Frognerparken!

Fredag kveld hadde Batteri, Malin, Celine og Jørgen førpremiere på MGP jr.-showet sitt for eit fullt kulturhus i Surnadal. Laurdag ettermiddag spela gjengen for titusenvis av tilhøyrarar i Frognerparken i Oslo. Sjå bilder frå arrangementa her!

Det vart ei travel helg for Batteri og dei tre tidlegare MGP jr.-vinnarane Malin Reitan (vinnar i 2005), Celine Helgemo (2007) og Jørgen Dahl Moe (2009). Surnadal-bandet og dei tre solistane skal i sommar ha fleire show saman rundt om i landet, og etter ei intensiv øvingsperiode, var det fredag kveld stor generalprøve i Surnadal Kulturhus. (Øvste bildet)

Surnadalingane fylte Storstua for å få med seg den rundt ein time lange konserten, der Batteri i tillegg til å spele eigne songar også var backingband for Malin, Celine og Jørgen.

Sjølv om gjengen etter showet skulle til Værnes for overnatting før første fly til Oslo laurdag, tok dei seg tid til autografskriving i kulturhuset.

Etter ein svært vellukka konsert, vart det lang kø for å sikre seg autografane til den populære gjengen. Les meir om dette i tk.no.

Laurdag vart FN sin Verdas miljødag markert over heile verda, og Batteri, Malin, Celine og Jørgen blant artistane som deltok på Hafslunds miljøfestival for barn i Frognerparken i Oslo.

Gratisarrangementet er den største miljøfestivalen som er arrangert i Norge, og i løpet av dagen var rundt 30.000 innom Frognerparken for å få med seg artistar som A1, Tone Damli Aaberge, Jaa9 & OnklP, Madcon, Bjørn Johan Muri, Didrik Solli-Tangen - og altså MGP jr.-artistane.

Batteri & Co var i aksjon rundt klokka 13.00, fekk med seg publikum både på allsang og taktfast klapping - og vart belønna med lang og solid applaus i sommarvarmen.

Bildet t.h. viser Malin, Batteri-vokalist Hans Olav, Celine og Jørgen som deler på vokaljobben på Batteri-songen "Sorte får".

Klikk på bilda under for større versjonar.

MGP-show 2_1024x724
Mange ville sikre seg autografane til MGP jr.-gjengen etter konserten i Surnadal Kulturhus fredag.
Miljøfestivalen 2_1024x676
Jørgen Dahl Moe og Batteri-gitarist Stein Boge på scena. I løpet av dagen var rundt 30.000 personar innom miljøfestivalen i Frognerparken.
Miljøfestivalen 3_1024x476
Hafslunds miljøfestival er den største miljøfestivalen i Norge. Batteri spela både eigne låtar og var backingband for Celine, Jørgen og Malin.
Miljøfestivalen 4_1024x741
Malin saman med boybandet A1, som også opptrådte på miljøfestivalen i Oslo.
Miljøfestivalen 5_1024x768
Jørgen Dahl Moe likte backinghjelpa han fekk frå Stein Boge, Brage Kristian Einum og resten av Batteri.
Miljøfestivalen 6_1024x723
Christian Ingebrigtsen frå A1 i prat med Batteri-medlemmene Stein Boge, Brage Kristian Einum og Oddbjørn Sponås.