Bildet over: Lilly Gunn Nyheim.
Mi barndomsjul og små og store gleder før og no
Ventetida til jul starta samtidig som dei første snøfloksene landa på bakken i Haltbakken der eg voks opp. Da fann vi fram fjorårets julepapir som var behørlig bretta i fine flak og gjømt saman med julepynten. La alt papiret på bordet, og benka oss rundt med saks, lim og teikneark. Så kløpte vi ut snømenn, englar, nissar, dompappar og andre figurar som vi tykte var fine i det glansa julepapiret. Dette blei så lima på teikneark og oppdelt i kortformat. Kanskje vi teikna noko i tillegg. Slik laga vi eigne julekort som blei gitt til venner og kjente. Vi tok med på skulen og ga bort på siste skuledag. Gjerne samtidig som det var tradisjonell skuleavslutning til jul med gang rundt juletreet m.m.
Berre det å ha tid til å sitta saman rundt kjøkkenbordet og kløppe og teikne gav julestemning og forventing i adventstida. Om radioen samtidig spela ein julesong, gav det ekstra stemning. Samtidig som første snøen kom, kom også småfuglane i flokk og følgje til fuglebrettet utfor kjøkkenglaset. Det var meiser, spurver, finker, dompapp, gjerdesmett, svarttrast, nøtteskrike og ein og annan hakkespett og så vidare.
Dei siste åra, har eg vore fleire rundar rundt i blant anna barnehagane og skulane i kommunen i adventstida. Der opplever eg mykje god omsorg for våre små håpefulle. Og eg kjenner igjen den gode forventninga frå barnehagebarna til julehøgtida. Dei forberedar seg med å laga julepynt og julegåver til sine der heime. Eg er imponert over kreativiteten til dei ansatte som står bak alle ideane om fine og sjøllaga juleting. Og eg er viss på at foreldra blir glade over dei små tinga som kjem frå barna til jul. I tillegg har eg lagt merke til den gode atmosfæren og kor heimekoseleg dei får det til om barnehagen er stor eller liten. Her blir det gitt verdifull lærdom og tryggleik, og det er så godt å sjå at ungane blir tekne så godt vare på. Så i år gir eg ein ekstra honnør til alle barnehageansatte.
Eg vil no få sende varme tankar til alle og einkvar, og ønksje riktig god og fredelig jul. Kos dere der dere er. Ta dere tid til å berre sitte roleg og sjå på juletreet, og nyt notida. Tenk gode tankar om kvarandre. Kvardagen kjem snart att. God jul og godt nyttår!
Julehelsing frå Lilly Gunn Nyheim
Ordførar i Surnadal kommune