
Midt i blinken med dartklubben
Dart-entusiastane i Surnadal kastar seg ut i det igjen. Etter å ha lege i dvale i nokre år, har no Surnadal Dartklubb blitt starta opp att. Martin Schei (t.v. på bildet), Frode Røv og Odd Berg var blant dei som torsdag testa pilkast-kunnskapane på klubbkvelden på Vårsøg Hotell.

- Etter to-tre års pause gjer dartklubben comeback, og vi kjem til å ha klubbkveld kvar torsdag klokka 1800 i Musters Pub. Her heng det dartskiver på veggen, slik at folk også kan spele andre kveldar, fortel Frode Røv.
Han ønskjer både gamle medlemmer og "ferskingar" velkomen til klubbkveldane.
Dart kan spelast i mange variantar, men ein av dei mest vanlege - som også medlemmene i Surnadal Dartklubb spelar mest - er 501 med dobbel utgang.
Det blir spela med tre pilar per omgang. I 501 startar kvar spelar med 501 poeng, og summen av treffpoeng per omgang blir trekt fra. Målet er å kome ned i akkurat 0 poeng, og den siste teljande pilen skal vere ein dobbel - det vil seie stå i den ytste sektoren på skiva.


.png)

