Picasa 3.0

Miljøveke ved Øye skule

Dei to siste vekene har vore litt annleis for elevane ved Øye skule. "Duppedittaksjon", besøk av HAMOS og miljølunsj har vore noko av programmet under "Miljøveka" - kor skulen arbeider opp i mot miljøet på fleire plan.

Det var elevrådet ved Øye skule som vedtok at dei også i år skulle ha ei såkalla "Miljøveke". Derfor vart vekene 46 og 47 sette av til arbeid med blant anna miljøvern (kjeldesortering), klassemiljø og skulemiljø. 

5., 6. og 7 trinn har hatt kildesortering heime, og blant anna sortert glass, metall og papir. Dette har dei så laga oppgåver med statistikk ut av.

Det har også vore eit fokus på energisparing, både på skulen og heime. På skulen har elevane passa på å slå av lyset når dei har forlate skulen, og i gangane og toaletta.

Alle trinna har også vore med på ein såkalla "Duppedittaksjon" disse vekene. Her har det vore ein konkurranse mellom trinna om kven som har greid å samle inn flest mobiltelefonar per elev. Mobilane er ein slike "dupeditt" -småelektronikk som mange kastar i søpla i staden for å levere til ein mottaksstasjon. 

Kanskje har du noko å lære av elevane ved Øye skule? 

Under ser du bilete frå ein triveleg miljølunsj i løpet av Miljøveka. Klikk på bileta for større versjon.

Les meir og sjå fleire bilete på Øye skule sine heimesider HER.  

DSCF5546
DSCF5548
DSCF5549
DSCF5553
DSCF5564
DSCF5565