trond skogseth_200x161

Millionordre i Australia

Trondheimfirmaet Dynamic Rock Support - der surnadalingen Trond Skogseth (bildet) er ansvarleg for engineering og produksjon - har kapra sin første millionkontrakt. Selskapet skal levere norske gruveboltar til Australia. Bolten blir no testa ut i 20 av dei største gruvene i verda.

Stålbolten som no blir testa ut, skal hindre at gruveveggar og -tak rasar ut, skriv Dagens Næringsliv.

Etter å ha brukt 20 millionar kroner på utvikling sidan etableringa for to år sidan, har no Dynamic Rock Support eit ferdig produkt, som dei håpar å tene pengar på i løpet av neste år. Boltutviklaren har no i desember sikra seg sin første store ordre, og skal levere 8500 boltar til Maggie Hays-gruva i Vest-Australia. Ordren er verdt eit par millionar kroner.

Ifølgje Dagens Næringsliv er det unike ved den trønderske bolten at den kan tole å bli kraftig deformert utan å ryke. Bolten er også universal og skal kunne brukast i alle gruver utan store tilpassingar. Trond Skogseth trekkjer parallellar til utviklinga i oljeindustrien for å forklare kva som skjer i gruvebransjen.

- Gruvene blir stadig djupare, og kjem difor borti større problem. Det skapar ein marknad for våre boltar.