Minneverdig tur til Storsetra
Det vart ein riktig så triveleg tur på dei rundt ti personane som vart med på historisk vandring til Storsetra i Stangvika torsdag ettermiddag. Deltakarane fekk nyte den alltid like vakre utsikten opp til Storsetra, men fekk også interessant historisk informasjon knytta til dei ulike stoppestadane langs ruta som ekstra krydder på turen.
Over: Vel oppe på setervollen.
Guide opp til setra var Marit Haugen frå Stangvik historielag, som fortalde om bygda, bygningar og markaliv til eit interessert publikum. Fleire av deltakarane på turen bidrog også med info og gode historier.
Sjølv turværet var på følgjet si side: Haustkvelden var lun og varm, og endte i ein flott solnedgang da turfølgjet på heimturen nærma seg parkeringsplassen ved Rønnan igjen.
Det er Norsk Vandrefestival som i samarbeid med lokale aktørar har gjennomført turar i Surnadal, Rindal og Halsa i samband med «Friluftlivets uke», som vi no er inne i. Som sagt var Stangvik historielag lokal arrangør i Surnadal.
Tekst og foto: Norunn Holten
Stopp ved tøftene til Ytre Røslia.
Historievandringa appellerte til ei uventa gruppe tilhøyrarar…..
Torbjørn Brøske bidrog med nær kjennskap til Ytre Rønnan og folket som hadde budd der. Han kunne mellom anna fortelje at husa på plassen hadde vore bygd opp att på heimplassen hans , Rutberget.
Oppoverbakke i ope landskap.
Idyll langs vegkanten.
Oppover setervollen som i si ti var på 70 mål og strekte seg 20 meter nedom Stangviklivegen.
Turleiar Marit Haugen i godt selskap.
Blåne bak blåne.
Stopp ved Skaråkersetra.
Panoramautsikt på nedturen.