Leserinnlegg _200x200

Misforstått demokrati

Formannskapet har tilrådd skrivemåten "Fiske" på grenda i Øvre Surnadal. Det er å håpe at kartverket ikkje bøyer seg for dette.

I avisa Driva 26. juni blir det sagt at ein med vedtaket "støttar bebuarane". Det er i så fall ei misforståing av demokratiske prinsipp. Her gir ein nemleg mindretalet ("bebuarane", eg vil tru: stort sett dei med etternamnet Fiske) forkjørsrett over lokalt og nasjonalt fellesskap - som eig dei norske stedsnamna.

For dette handlar ikkje om korleis familiane skal skrive stedsnamnet sitt. Dei har sjølvsagt like stor rett til å skrive seg "Fiske" som vi frå Bø har til den fordanska forma "Bøe". Men ingen kan kreve at slektsnamna skal erstatte sjølve stadsnamnet. Namnet på grenda har alltid vore Fiskja, eit historisk klenodium som levande døme på den eldgamle typen "vin-namn". (Skrivemåten er også så lydrett den kan bli utan at ein tyr til lydskrift.)

Sjøl om saka enno berre gjeld skrivemåte på kart og skilt, har ei eventuell nylaging store konsekvensar. Skilt med "Fiske" vil få framandfolk til å tru at plassen heiter dette, heilt misvisande. Og viss dette får feste seg, vil etter kvart nye generasjonar og tilflyttarar miste det opphavlege namnet - også uttalemessig. Eit klenodium går tapt.

I motsetnad til fritt forma slektsnamn er stadsnamna nasjonal eigedom, ikkje familiegods som private kan kalle sitt. Skrivemåten må difor representere meiningsinnhald og kulturhistorisk samanheng. Embets-fordansking av det opprinnelege må aldri bli fasit!

At ikkje alle utåbygdingar les "Fiskja" nøyaktig slik folket i grenda seier det, blir eit håplaust argument for å laga ein skrivemåte ("Fiske") som ligg enda lenger unna rett uttale! Fagfolk eg har vore i kontakt med, ristar på hauet av dette og undrar seg over politikarane.

Grunngjevinga til fleirtalet i formannskapet viser demokrati snudd opp-ned. All honnør til Eivind Hasle og Bernt Venås som stemte imot.

Eg forstå ikkje at folkevalde med ansvar for kulturverdiane våre set både den lokale fagnemnda og fellesskapet til side på den måten dei no gjer. Og det i kulturbygda Surnadal, heimstaden til Hans Hyldbakk!

Bøfjorden, 1. juli 2013
Bernt Gudrunson Bøe