
Misjonsmøte med "rindaling"
I kveld klokka 1900 blir det misjonsmøte på Rindal bedehus. Det er besøk av Åse og Hans Birger Neergård som har vore misjonærar i Etiopia frå -74 til -90. Etter den tid har Åse vore tilsett i NMS som områdesekretær for Innherred. Hans Birger har vore i presteteneste til han vart pensjonist. Etter 2006 har han vore vikar og pendlar til Etiopia. I Etiopia var han misjonsprest og altmulegmann.
Hans Birger Neergård vart fødd i Rindal, og han er døypt i same vatn som den eldste medredaktøren i Trollheimsporten! Far til Hans Birger var organist i Rindal frå 1939 – 1949. Han er ikkje i slekt med rindalingar som har omlag same namn. Du kan lese Etiopiabrev frå han her!