Jubileumsdag for Øvre Rindal kapell
«Mitt hus skal være et bønnens hus»
Eit kyrkjejubileum er ei stor hending både i bygda og livet til enkeltmenneska. For øverbygda har kapellet vore eit hus både for fest og glede og for sorg, men også for dei vanlege gudstenestene gjennom året i 100 år. Det var prosten i Indre Nordmøre Prosti som leda gudstenesta. Bildet nedafor viser dei som tok del i prosesjonen.
Etter gudstenesta drog forsamlinga til Skogsletta, der ledar i Rindal sokneråd Elsa Jensvold ønska forsamlinga velkommen til suppe, kaffe og helsingar med eigenskriven prolog. Og konfirmantane i jubileumsåret stod for serveringa!
Ordførar John Ole Aspli var først ute med helsing. Han voks opp tett ved kapellet og hadde slik eit spesielt forhold til kapellet. Han hadde balansert på kjerkgardsmura, og han hadde sprunge fort forbi i mørke kveldar utan gatelys. Som ungdom hadde han også opplevd at klokkene ringde tidleg nok. - Kapellet er eit solid og trygt ankerfeste for øverbygdingane. Med små skritt skal vi utvikle kapellet vidare i det neste hundreåret, sa han.
Svein Forsberg drog i helsinga si fram aksjonen for nytt orgel i kapellet. Ein måte å skaffe pengar til nytt orgel var å selge orgelpiper frå gammelorgelet. Da tok dei i bruk reklame: På legekontoret henta dei ut doktorane Terje Bø og Ola Lilleholt, avbilda dei med orgelpiper og teksta:
Stump røyken, gå over til pipe!
Willy Karlstrøm var også da ivrig fotballkar og dommar. Han vart avbilda på banen i dommardrakt med ei orgelpipe og teksta: «Her e de e så sørge for pipekonserten!»
Leif Kleven var av dei fremste Ap-profilane i Rindal på den tida. Han ønska ei orgelpipe, men det måtte vere ein stor A!
Under ei tilstelning vart også Rindalssongen spela på orgelpiper frå gammelorgelet.
Det var også helsing frå Egil Moen som var vikar for Arne Sæter medan han var på Stortinget. Sokneprest Lene Gåsvatn helsa frå prestar som ikkje hadde høve til å møte, Jorunn Børset Foss helsa på vegne av seg sjølv som utflytta rindaling og si 94 år gamle mor, og kyrkjeverge Ingeborg Nordlund gav oss eit innblikk i inventarlistene i kapellet over både eldre og nyare ivesteringar.