Mjølkekartongbretting gav lotterigevinst
Denne veka mottok Stangvik barnehage det synlege beviset på at dei har vunne 10 000 kroner i Returkartonglotteriet. Pengane skal brukast på nye syklar og uteleiker.
Glade ungar og tilsette ved Stangvik barnehage jublar etter at dei nyleg vann 10 000 kroner i Returkartonglotteriet. Tysdag denne veka fekk barnehagestyrar Gro Kvammen Sæter utdelt det synlege beviset på lotterigevinsten, i form av ein diplom.
Barnehageungane, som i dette høvet var fem- og seksåringar, hadde full kontroll på kvifor dei fekk besøk av Trollheimsporten.
– Vi har vunne 10 000 kroner, fortalte Arne entusiastisk, og kompisen Olav la kjapt til kvifor:
– Vi har bretta mjølkekartongar!
Samstemte og kontant meldte ungane at pengane må brukast på nye leiker. Ifølgje barnehagestyrar Sæter er det og barnehagen sin plan.
– Pengane skal bidra til innkjøp av to nye syklar, sandkassesand og nye uteleiker, seier ho.
Sæter fortel at barnehagen har sortering av søppel i årsplanen sin, og at dei har ryddeaksjonar der dei plukkar søppel på skuleområdet og i grøftekantar.
– Barnehagen skal ha fokus på miljø, og det er veldig greitt at ungane lærer seg å vere bevisste på slike ting, seier Sæter, og legg til:
– Ei slik belønning som denne lotterigevinsten er, hjelper på for både motivasjonen og forståinga til ungane. I tillegg kjem sjølvsagt pengane godt med, så vi er veldig glade for dette.
Både ungar og tilsette ved Stangvik barnehage gler seg til nye uteleiker og syklar, som følgje av gevinsten i Returkartonglotteriet.