Mjohølbrua

Bridge over narrow water

Mjohølbrua

Det er mange bruer over elva i dalføret, og på somme av desse brustadene har det vore fleire bruer. Over Mjohølen like ved krysset der fylkesvegen om Rindal sentrum møter Fv65 (nordlege avkjørsel) kryssar no den tredje Mjohølbrua elva over Mjohølen. (mjo=smal, unge kvinner er mjo i mea). No med fleire kommentarar!

Like ved Mjohølbrua ligg bruket Brubakken, men det har ikkje namnet sitt etter denne brua. Fram til slutten av 1800-talet var brustaden lenger ned, ved Neer Gammelbruhølen og husmannsplassen Bruøya. Den låg rett nord for Bjønnåsøyan (nord for YX Texaco). Vegen gjekk opp den bratte bakken frå elva til platået der vegen går i dag. Øver Gammelbruhølen var badeplassen til fosseibøggen.

Mjohølbrua
 

Den første Mjohølbrua vart bygd på 1890-talet. Det var ferdigsynfaring på Mjohølvegen, frå Djupdalsbrua til Mjohølbrua og riksvegen (no fv65) 17.oktober 1896.

Mjohølvegen svinga nordover etter brua på den solide steinmuren vi ser ved sida av det ferske jordraset frå i vinter, litt nedafor vegen som går til Storslettet pelsdrområde.

Så svinga vegen over ekra og opp til der vegen går i dag ved gardsvegen til Brubakken. Vi aner spora etter vegen i den nypløgde jorda,

 

- og Guttorm kjører etter den med horva.

 


 

 

 

 

I 1955 vart ny bru og ny veg ferdig!  Brua hadde vorte for smal og sikkert for svak for aukande trafikk. Da vart brua høgre og vegen vart lagt omlag beint frå Mjohølkrysset til gardsvegen til Brubakken. Dette hadde nok ikkje vore muleg utan bulldoserhjelp frå Rindal Bulldoserlag, og Johan Nerbu førte bulldoseren(bilde t.h.. Likevel var det mykje bruk for slusktrilla, hugsar eg.

Her skulle det vere kjentfolk for nokon. Send namn til redaktor@trollheimsporten.no!

Jon Kristian Aune har desse namna: nr.2 frå venstre: Edvard Aune, Fagstadbakken. Heilt til høgre: Olaf Aune Faggøyainn, den minste i midten: Mikkel Aune, Øytun
Fleire namn på vegarbeidarar frå arbeidet med Mjohølbrua har vi fått frå Ragnhild Stavne Bolme: Nr. 2 frå høgre er Ola O. Skjølsvold, Slettet og nr. 4 Tormod E. Løfald.
Asbjørn Skjølsvold: Namnet på veiarbeideren til venstre på bildet ved Mjohølbrua i 1954-55 er :
Ola Romundstad, Bergheim (Røsgrinna).



 

Sjølve brua var ein solid konstruksjon samanlikna med gammelbrua, med skikkeleg dimensjonerte berebjelkar. Ved at vegen vart beinare, vart den somme vinterdagar i brattaste laget for den aukande tungtrafikken til industrien ved sentrum.

Kommentar:

50 – tallet var en periode med stor arbeidsledighet og ofte var det behov for forskjellige ”sysselsettingstiltak” i offentlig regi. På den tida den ”nye” Mjohølbrua ble bygd, foregikk det bl.a. veiarbeid oppi Løsetliene. Der
arbeidet også flere boktinger. Min far, Ingebrigt Løfald (f. 1925), og min ”filleonkel” Jon Rindalsholt Solvang var to av disse. De syklet hver dag gjennom hele vinteren fra Løfald til Løsetliene og det er derfor forståelig at de ønsket å gjøre veien så kort som mulig. Det gjorde de ved å bruke disse stålbjelkene og balansere på de over elva ved Mjohølen. Vinters tid er det som kjent snø i Rindal, men elva måtte forseres uansett, også om det hadde lagt seg snø på bjelkene i løpet av natta. Ikke bare for å få folkene over, men også syklene som de bar med seg ! Men som far sa : ”Det va itt sågælle ferdi  gammelbrua va nå der fortsatt”.

 
MVH Odd Inge Løfald


 

Rundt 30 år seinare vart den siste brua brua bygd (bildet ovafor). Den vart både høgre og breiare enn den forrige. Heving med nokre meter gjorde at bakken ikkje vart fullt så bratt, og no er det sjeldan nokon har problem med å komme opp.  Her kan du også sende inn kommentarar og tilleggsopplysingar!

God tur etter Mjohølvegen og over Mjohølbrua til Mjohølkrysset.

Ole Trygve Foseide

(Mjohølvegen går altså ikkje over Langmyrhaugen og ned mot Bjørnåsbrua slik den nye skiltinga kan tyde på!)