Mo-elevar med flott finaleinnsats i Skoglekene
Onsdag deltok 5. klassingane ved Mo Oppvekstsenter i den landsomfattande finalerunden av Skoglekene i Elverum. – Ein kjempefin måte for elevane å lære på, seier einingsleiar Linda Aasbø Kvande.
Skoglekene er ein konkurranse i regi av Skoleskogen, Skogselskapet, Norsk Skogmuseum og Hamar Naturskole.
Konkurransen er for alle elevar i 5. klasse, og går over tre rundar. Dei to første vert gjennomført i skulane sine nærområde, medan den tredje og siste vert arrangert på Skogmuseet i Elverum.
Formålet med Skoglekene er å motivere skular og elevar til å bruke skogen i undervisninga, auke kunnskapen om skog og skape fysisk aktivitet i skulekvardagen.
Mo Oppvekstsenter var ein av 150 skular som deltok i dei to innleiiande rundane, og ein av berre 18 som gjekk til den nasjonale finalen, som vart arrangert onsdag.
Starta i januar
Allereie 7. januar i år starta femteklassingane med den første runden, som var ein forundringssti i nærskogen. Der jobba elevane med oppgåver knytt til dyre- og planteliv, berekraftig utvikling og friluftsliv, og sende inn svara sine til Skoglekene-juryen.
I del 2, som elevane jobba med frå 11. februar til 26. april, bygde Mo-elevane ei flott hytte av tre, med vindauger og dør. Her fekk femteklassingane brukt både vater og snekkarferdigheiter, i tillegg til å øve seg på samarbeid.
Einingsleiar Linda Aasbø Kvande fortel at Mo Oppvekstsenter har hatt uteskule for alle opp til og med femteklasse, og at elevane stortrivst med opplegget.
– Elevane har vore kjempeengasjerte i dette, og både dei og primus motor Ola Ragnar Gjøra har gjort ein veldig god jobb, seier ho, og legg til:
– Eg tykkjer det er kjempeartig, både at dei har vist så stor interesse og at den flotte innsatsen deira gav dei opplevinga det er å delta i den nasjonale finalen. Opplegget er og veldig i tråd med kunnskapsløftet.
For juryen vart så imponerte at dei plukka ut Mo Oppvekstsenter som ein av finalistane, og dermed bar det på tur med dei sju elevane, Ola Ragnar Gjøra og ein stor heiagjeng av foreldre.
Enda på delt fjerdeplass
I finalen, som gjekk frå klokka 10-13 onsdag, var det lov med maksimalt fire elevar på kvart lag.
Hedda Moen Gjerstad, Eiri Lysø, Markus Aune, Magnus Ivar Meisingset, Jonas Aune, Linnea Holten Fjærli og Inga Blomstrand Harang er dei sju femteklassingane ved Mo Oppvekstsenter, og dei fire førstnemnde deltok i sjølve finalen.
– Elevane avgjorde sjølve kven av dei som skulle delta i finalen, men vi ville at heile gruppa skulle få dele opplevinga, seier Aasbø Kvande, og fortsett:
– Dette er ein veldig fin gjeng, og dei har konkurranseinstinkt, så dei var innstilte på å gjere det best muleg. Samtidig er det kjempestas for dei berre å komme til finalen, der dei får møte andre skular som har heldt på med det same prosjektet.
I finalen vart berre dei tre beste av dei 18 skulelaga plassert, og sjølv om Mo Oppvekstsenter ikkje enda på seierspallen denne gongen, kan dei likevel seie seg godt fornøgde med det som kan kallast ein delt fjerdeplass.
– Dette er noko dei kjem til å hugse at dei var med på, og ein veldig fin måte for elevane å lære på, seier Linda Aasbø Kvande.
Alle foto: Ola Ragnar Gjøra, Mo Oppvekstsenter.