
«Møkkatilbud» frå staten
Bøndene i Surnadal og omegn, her representert ved eit knippe av deltakarane i traktorkortesjen måndag formiddag, vender tommelen ned for tilbodet frå staten. Foto: Norunn Holten
Landbruksorganisasjonane har som kjent brote forhandlingane med staten om årets landbruksoppgjør alt før partane kom til forhandlingsbordet. Den framleis ferske Landbruks- og matmeldinga inneheldt mange positive mål som landbruket var godt nøgde med, og desse målsetjingane skulle konkretiserast i jordbruksoppgjøret. Når landbruket no har brote med staten før forhandlingane har starta, så er dette fordi dei meiner at dei gode måla frå Landbruks- og matmeldinga ikkje er synlege i tilbodet dei har fått. Mellom anna meiner dei staten ikkje har tatt målet om auka matproduksjon på alvor. Leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, peikar også på det aukande lønsgapet mellom bønder og andre yrkesgrupper. Bøndene er tilbydd ein lønsvekst på 13 000 kroner per årsverk- og det er 4000 kroner mindre enn den generelle inntektsutviklinga. Landbruket ser det derfor slik at det ikkje er grunnlag til å gå inn i forhandlingar.
Leiar i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, fortel at dette ein aksjon eit samla jordbruk står bak. I tillegg til medlemmer av bondelaget og småbrukarlaget, er også uorganiserte bønder inviterte med på aksjonen. Ordførar Mons Otnes og leiar i Senterpartiet, Nils Håvar Øyås, engasjerer seg også i det som dei oppfattar som ei svært viktig distriktspolitisk sak. Otnes tykkjer tilbodet frå staten er skuffande på grunn av den store betydninga landbruket har for distrikta. «Landbrukspolitikken er det viktigaste distriktspolitiske verkemiddelet regjeringa har,» seier han. «Vi må ha eit landbruk som har noko å leva av.» Han poengterer også at dei som er med på denne aksjonen protesterer mot alle partia i regjeringa. Han meiner det manglar forståing for kva betingelsar landbruket må ha for å leva når ein kjem opp på regjeringsnivå. Saman med Nils Håvar Øyås håpar han derfor no at det vil koma eit trykk frå grasrota i dei tre regjeringspartia som vil kunne føre til meir positive haldningar til landbruket også på nasjonalt plan i regjeringspartia. Sidan desse har fleirtal i Stortinget, er haldningane deira avgjerande for utfallet av jordbruksoppgjeret.
Oddvar Mikkelsen, Mons Otnes og Nils Håvar Øyås heldt alle appellar utanfor kommunehuset på Skei måndag formiddag. Det gjorde også Yngve Røøyen, leiar i Møre og Romsdal Bygdeungdomslag. Etterpå var det ti-kaffe på Kløverstua der også seinare aksjonar i Oslo og på landsplan vart presenterte for dei aksjonerande bøndene. Til sist køyrde eit 20-tals traktorar rundt bygda i ein lang kortesje og gjorde seg på den måten synlege for folk i bygda. Oddvar Mikkelsen er fornøgd med oppslutninga på aksjonen som kom på kort varsel midt i travlaste våronna. Heile 60-70 personar var møtte fram på Skei for å høyra appellane som vart framførte eller delta i traktorkortesjen.
Går til felles aksjon for "rett vei til riktig landbruk": Frå venstre Ståle Ansnes, Todalen Bondelag, ordførar Mons Otnes, Oddvar Mikkelsen, Surnadal Bondelag, og Nils Håvar Øyås, Surnadal Senterparti. Foto: Norunn Holten
Ordførar Mons Otnes heldt appell utanfor kommunehuset på Skei. Foto: Lars Polden
Leiar i Surnadal senterparti, Lars Håvar Øyås, hadde full forståing for brotet i forhandlingane mellom staten og landbruket. Det var for stor avstand mellom krav og tilbod. Foto: Lars Polden
Mykje folk, og rekordmange med traktor, møtte utanfor kommunehuset på Skei. Foto: Lars Polden
Eit alvorleg publikum følgde med på kva som vart sagt i appellane. Foto: Lars Polden
Markeringa av protesten mot tilbodet frå staten vart avslutta med ein rundtur rundt bygda. Ca 20 traktorar deltok i toget. Foto: Norunn Holten