
”Exquisito La Fiesta Latino”
Møremusikarane og The Brazz Brothers lagar jubileumsfest
Jubileumsfeiringa, som er i regi av Møre og Romsdal Fylkeskommune, vil bli markert med 5 unike konsertar i fylket med spesialskreven musikk for denne utradisjonelle instrumentbesetninga som musikarane til saman representerar. Ei besetning som med ein gong ga musikarane sterke assosiasjoner til brasiliansk og cubansk musikk. Det vil derfor bli gjort eit djupdykk i den latinske musikktradisjonen spesialarrangert for musikarane i storensemblet. Publikum vil òg få høre dei enkelte gruppene kvar for seg der dei vil presentere sin favorittmusikk. Det borgar for stort musikalsk spenn og eit storensemble med høg rytmefaktor og fare for kraftige hoftevrikkar. Bli med på jubileumsfesten med fylkets fremste live musikarar!
Surnadal Kulturhus laurdag 26.november kl.19.00.
Kjøp billettar her