Ola Borten Moe og Ola T

Møte med Jenny og Ola

 

Ola Borten Moe og Ola T. Heggem.jpg

Som kjent, 9. september er det stortingsval att. Møtet på Bolme pensjonat markerte vel starten på valkampen i Rindal. Sjølv om møtet vart annonsert som ope, var vel fleirtalet av dei frammøtte SP-sympatisørar.

Som møteleiar peika Ola T. Heggem på tre ting som er viktige for oss i distrikta:

1. Ein brei distrikts- og næringspolitikk
2. Ein landbrukspolitikk der det blir lagt vekt på auka matproduksjon, at areal i heile landet blir teke i bruk og heile landet får vere med i utviklinga
3. Eit godt tenestetilbod i distrikta og fornøgde innbyggarar
 

Vil vi få dette med ei Høgredominert regjering som signaliserer å redusere formuesskatt ved å ta midlar frå overføringane til landbruket?

 

Jenny Klinge

Det vart eit kort møte med Jenny Klinge som skulle vidare til valkampopning i Ålesund. Mange uttrykker at dei ønsker ei forandring ved dette valet, sa ho, men advarte mot at forandring ikkje alltid det same som framskritt. Klinge meinte beredskap var eit nøkkelord ved dette valet. Beredskap i politi og heimevern: Distrikta må få sin del av aukinga i heimeverns- og politiberedskapen. Beredskap i landbruket: Vi må auke matproduksjonen, legge meir vekt på sjølvberging og sjølvforsyning. Vi kan ikkje basere oss på å kjøpe mat frå munnen på fattige folk! Klinge var også oppteken  av samferdsel. Det må ikkje satsast berre i sentrale støk, vi må kjempe for å få vår del av midla, sa ho, og peika samtidig på at med SP i regjering er ramene i Nasjonal transportplan (NTP) oppfylt for første gong.

 

Ola Borten Moe

innleidde med å si at suksesskriteriet ved dette valet er å mobilisere. Vi må sørge for at alle som sympatiserer med oss møter opp ved stemmeurnene!
Vi har hatt regjering med Høgre før, vil noen si, og det har da gått bra. Men da har Høgre hatt Kr.f og Sp til å halde att. Får vi regjeringsskifte no vil Erna Solberg ha Siv Jensen ved si side til å dra i mottsett retning. Dette vil distrikta få føle.

Borten Moe peika på at Norge er eit land i stor vekst. Vi har hatt ei dobling av folketalet på 80 år, folk lever lenger, folk flytter hit og vi har låg arbeidsledighet. Dette er vår historie. .

 

Kva har SP oppnådd i 8 år i regjering?

 

Auka overføringar til kommunane

Høgre tvilte da SP lova 5,6 milliardar til kommunane i 2006. Det vart oppnådd, og er sidan følgt opp og har gjort at kommunane har fått eit heilt anna handlingsrom.

- No vil Høgre ha kutt i overføringane til distrikta

 

NTP er oppfølgt. Det blir bygd vegar i høgare tempo enn før.

- Høgre vil satse der det er ”samfunnsøkonomisk riktig.” Med det meiner dei truleg sentrale strøk

 

Landbruk

SP har i dei siste 8 år i regjering sørga for at det har vore kronemessig lik vekst i landbruksoverføringane og at noko av gapet samanlikna med andre grupper er teke inn.
Men målet er sjølvsagt større overføringar til landbruket

- Her har Høgre signalisert kraftige kutt.

 

Spørsmål og innspel

Det kom mange spørsmål og innspel til Ola Borten Moe:
NRK framstiller det slik at Høgre alt har vunne valet. Slik er det ikkje. Det er velarane som avgjer utfallet av valet. Vi må stemme først!

Rovdyrpolitikk, og sau- og pelsdyrnæring var tema, og det vart uttrykt stor bekymring over at så mange saubønder må gje opp på grunn av rovdyrplagen. Vi må kunne utnytte utmarka. Mennesket er ein del av naturen og skal leve av naturen. Pelsdyrnæringa er óg ei viktig tilleggsnæring i landbruket.

Auka matproduksjon vart det også stilt spørsmål om. Vi har som mål å auke matproduksjonen med 20 % på 20 år. Kven skal produsere denne maten? Skal vi satse på kraftforbasert produksjon (kylling, kalkun og gris) med importert kraftfôr? 20 % av oksekjøttet vi brukar er importert. Dette bør vi kunne produsere her i landet, men da må vi oppretthalde den dyrkajorda vi har og ta alle areal i bruk, og ikkje minst; den som produserer må ha ei anstendig løn for arbeidet, samanlikna med andre grupper.

Kommunestruktur var òg tema. Vi har brukbare tenestetilbod i kommunane våre. Desse blir neppe betre med større kommunar og lengre veg til sentrum.

 

Mobiliser!

Borten Moe avslutta med denne apellen: Stem! Mobiliser! Sørg for at alle sympatisørar rundt deg møter opp ved stemmeurnene! Kvar steme tel!
- Og til alle som skal drive valkamp og skal stå på stand: Ha det moro!

 

Etter møtet.jpg


 Etter møtet. Leiar i Surnadal Senterparti, Nils Håvar Øyås, Ola Borten Moe, leiar i Rindal Senterparti, Elisabet Halgunset og Ola T. Heggem

 

På Nordbu 1.jpg

 

 

På Nordbu 2.jpg