
Møtte skihelten
Tore Andreas Engset Sollid og Martinus Bævre Sollid var blant dei mange interesserte skiløparane som var på plass da Surnadal Sparebank inviterte til treff med Eldar Rønning torsdag kveld. Sjå bildekavalkade frå arrangementet her!

Over 100 personar med stort og smått var samla i banken sitt hovudkontor på Skei. Der fortalde Eldar Rønning om sin veg mot suksessen som elitelangrennsløpar, om ein støttande familie som backa han opp og om mykje trass og vilje.
- Rønning skal vere med i Oslo-VM, og dit arrangerer banken kundetur dersom nokon har lyst til å reise. Sjå www.bank.no for fleire opplysningar, opplyser Liv Dalsegg, som har teke bilda frå arrangementet torsdag kveld.
Maret Heggset fortalde om spare- og forsikringsordningar som banken kan tilby. Til slutt vart det mannekengoppvisning. Der hadde Intersport Surnadal hadde flotte ungdommar som viste nokre av vintersports- og friluftskleda for unge og vaksne, medan Kårvatn Fjellutstyr viste klede for nær sagt alle generasjonar. Dei stilte også med spreke modellar, den yngste fem måneder og den eldste 86 år!
Klikk på bilda under for større versjonar.

.png)







