Moltetur vart fjelltur
Jørund og Joralf Halgunset tok ein tur i Ljøsådalen for å prøve å finne litt molte. Det var det lite av og dei omdefinerte turen til fjelltur. Da gjekk dei opp Vardskaret til Vardskarfjellet og nedatt til Neverøyan. Litt molte vart det også på heimturen - julekvelden vart berga.
Her er rapporten frå Joralf Halgunset - og det er sonen hans, Jørund, som har tatt bilda. Bildene er frå Vardskaret, eit grensefjell mot Hemne:
- Jørund, son min og eg skulle på moltetur ut i Ljøsådalen, og vi gjekk opp mot Vardskaret. Vi er ikkje spesielt godt kjent i området og fann lite molter. Så vi omdefinerte turen til fjelltur. Vi gjekk opp Vardskaret og vidare opp på Vardskarsfjellet, før vi gjekk ned att til Neverøyan, fortel han.
- På tur heim derifrå fann vi heldigvis litt bær og. På tur opp Vardskaret gjekk vi oss forresten på ein hoggorm. Da han først vakna, var han borte fort og elegant.
Venleg helsing
Joralf Halgunset

Her frå toppen av Vardskaret, med utsyn mot Ljøsådalen og fram over Fossdalen. Ein har Tuva på venstre side av dalen der Ljøsådalsbekken renn ned i Ljøsåa. Frå riktig gammel tid var dette truleg ein ferdselsveg kanskje og ein pilegrimsveg frå Vinjeøra og andre stader i Hemne, over til Rindal eller Søvasskjølen, og derifrå vidare til Trondheim.

Her frå toppen av Vardskarsfjellet, på grensa mot Hemne. Her har ein godt utsyn nedover Ljøsådalen. I bakgrunnen skimtar ein Søvatnet. Bildet er tatt med ryggen mot Ruten som er det mest kjente fjellet i området.

.png)