
Moro og læring på Barnehagedagen
Her gjeld det å halde pingpongballen i lufta! Alle foto: Gerd Bodil Sæterbø
Det er Utdanningsforbundet og Fagforbundet som er initiativtakarar til Barnehagedagen, og gjennom lokale aktivitetar og arrangement ønskjer dei å synleggjera korleis vi kan gi barna i førskolealder det beste – her og no og for det vidare livet deira. Kvalitet har vore eit sentralt tema i barnehageforskinga dei siste åra, og ein veit derfor ein god del om kva som er avgjerande for god kvalitet i barnehagen. Noko av dette fekk ein heilt konkret vist fram gjennom arrangementet på Surnadal kulturhus.
I løpet av den tida dei oppheldt seg på Kulturhuset var alle barna innom fem ulike stasjonar. På den eine var det ansiktsmaling og teikning, på ein annan konstruksjonsleik med blant anna Geomag og Briomek. I kinosalen var det eventyrforteljing med bilete på kinolerretet, og Anita Gjerstad Lindvåg leidde ei gruppe med barnezumba. På den siste stasjonen var det energikamp, og der var det muleg å prøve seg på fleire ulike øvelsar. Aktivitetane på dei ulike stasjonane dekkjer mange av fagområda som er nemnte i fagplanen for barnehagane.
I Surnadal er det berre førskuleungane som brukar å delta på markeringa av Barnehagedagen på Kulturhuset. Dei andre barna markerer dagen ute på kvar sine barnehagar.
Enda ei av utfordringane på energikampen som kravde full konsentrasjon!
Over og under: Glimt frå stasjonen med ansiktsmaling og teikning.
Moro og full fyk under barnezumba med Anita Gjerstad Lindvåg!