
Norsk Vandrefestival 2010:
Moteoppvisning utanom det vanlege
Onsdag 11. august er det duka for ei heilt spesiell hending i Svinviks Arboret: Visning av Edel design - edle, norske designklede, i blomstrande samspel med jazz- og folkemusikkinspirerte tonar frå musikarane i Fjord og Fjell.
Edel Design på vandring
I forbindelse med åpningen av Norsk Vandrefestival 2010, blir det altså visning av Edel Design kl. 18.00, onsdag 11. august i Svinviks Arboret. Motevisninga er et samarbeid mellom Nordmøre Museum og Norsk Vandrefestival, og vil vere ei oppleiving utanom det vanlege. Her vil prisbeløna, norske designklede vandre i ein duftande seinsommarhage ilag med jazz- og folkemusikktonar frå Fjord og Fjell. Arboretet sørgjer for at smakssansen får sitt, og modellane ber blomster frå hagen i hand.
Merket Edel design står for eleganse i reine naturmaterialar - nydelege, kortreiste klede skapt i Norge av designer Edel Urstad. Fylkesmusikarane i gruppa Fjord og Fjell improviserer innanfor sjangrane jazz og folkemusikk- og vil skape musikken der og da under denne spesielle visninga.
Her blir det altså edle kleskreasjonar og blomsterarrangement i kombinasjon med spennande musikk - sanseleg samspel for auge og øyre. Med gode smakar frå sommarkaféen i arboretet attåt, blir dette ei oppleving for alle sansar - så møt opp i Svinviks Arboret denne fine augustkvelden!
Onsdag 11.august kl 18.00 i Sinviks Arboret
Billettar ved inngangen, vaksen kr 120, barn (<6) gratis
For meir informasjon: www.norskvandrefestival.no og museumstlf: 97433709

.png)




