
Museet på Åsen holder åpent
Surnadal Museum informerer om at museet på Åsen held ope søndag 15. juli frå kl. 12 - 17. Det vert høve til å sjå seg om i dei fasta utstillingane, og nyte søndagen i vakre omgjevnader. Dersom veret tillet det dekkjer vi på til sommarleg kaffelag i tunet. Vi ønskjer dykk hjarteleg velkomne til museumsbesøk!
Surnadal Museum er medlemmer av Trollheimsporten, og sida deres finner du her. Alle medlemmer - bli med.
Åsen bygdemuseum ligg fint til på den gamle skyssgarden Åsen oppe på Eidet i Surnadal. Bygdemuseet er eit tradisjonelt friluftsmuseum med fleire bygningar frå ulike tidsepokar, og utstillingar og gjenstandssamlingar inne i dei ulike husa. Den freda røykjestua frå Torvika, Gulla-rommet, Musters-samlinga og 1950-talsutstillinga er noko av det du kan få sjå ved eit besøk på Åsen.
NB! Vi gjer oppmerksam på at tidlegare annonsert arrangement ved Stangvik Historielag og Todalen Historielag denne dagen vert flytta til hausten.