Mykje av kornhausten er i hus
Det spøkte lenge for avlingane for kornbøndene, men men eit par veker med skikkeleg sommarvêr i august gjorde underverker for avlingane. I helga gjekk skurtrøskene for fullt, og det vart nok lange kveldar før kornet var på plass i siloane på Røv Mølle.
Da vi køyrte frå Skei og oppover bygda var det eit titals skurtrøskarar i aksjon, og det støva godt i rundt dei, skriv Todalen.no.
Røv Mølle tek i mot rundt 3.000 tonn i eit normalår, fortel dagleg leiar Lina Mogstad til Todalen.no. I år må vi nok påregne litt midre, kanskje 2.500 tonn, men det såg lenge ut til å bli eit dårleg år. Men tross den dårlege sommaren var det eit par veker i august som gjorde susen for kornåkrane, og vi får rapportar om at avlingane er ujamne – det kan faktisk variere frå 200 til 600 kg pr mål – alt etter kor godt bøndene har treft på med ettergjødsling og soppsprøyting.
Les heile reportasjen på Todalen.no.
Tekst og foto: Jon Olav Ørsal, Todalen.no