![DSC_0002[1]_1024x415](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1645716.1537.vbbspwbubf/690x0/4934544_1645716.jpg)
Øvre Seter får rehabilitert hengebrua og sjukeheimen skal følgast opp
Mykje økonomi i Surnadal kommunestyre

Du finn heile saklista til kommunestyret i Surnadal tirsdag ved å klikke på denne linken.
Det er mykje økonomi også i andre saker i ei lang sakliste i siste kommunestyremøtet før sommarferien i Surnadal. Nærmiljøanlegget ved Bæverfjord oppvekstsente skal sluttførast og rådmannen foreslår å¨løyve vel 100 000 kroner til dette - heile saka her.
Korleis den økonomiske situasjonen ligg an så langt finn du alt om her i tertialrapporten. Den første budsjettreguleringa her og førebels ramme - budsjett 2012 og økonomiplan 2012-2015 her.
Det har vært uro ved Surnadal sjukeheim og vidare oppfølging og vurdeing skal opp i kommunestyret. Rådmann Geir Vikan foreslår ei slik oppfølging: Statusrapporten frå RO – mai 2011 om Surnadal sjukeheim blir teke til orientering. Rådmannen skal særskild følgje opp desse områda: 1. Oppfølging i høve leiargruppa ved Surnadal sjukeheim. Kva tiltak som konkret skal iverksetjast får rådmannen fullmakt til å vurdere og gjennomføre. 2. Arbeidet med strategisk kompetanseplan innan Helse og omsorg må vidareførast. Plana blir lagt fram for kommunestyret til orientering og vedtak før jul 2011. 3. Utarbeide strategi for informasjonsflyt innan Helse og omsorg. 4. I samband med Samhandlingsreformen må ein ta stilling til kva for oppgåver Suradal sjukeheim skal ha ansvaret for. Ut i frå dette må ein ta stilling til kva for og kor mykje bemanning ein treng for å fylle oppgåvene myndigheitene krev. 5. I samband med administrativ struktur må ein vurdere å opprette eit eige forvaltningskontor/forvaltningseining. Heile saka her.
Når det gjeld forvaltning av konsesjonskrafta foreslår rådmannen å tilføre kr 300 000 til dekking av utgifter i samband med ny forvaltningsavtale for sal av konsesjonskraft. Heile saka her.
Nokre einingar får disponere meir frå fond - andre får mindre - sjå alt om dette her.
Det endelege låneopptaket i Sunadal i 2011 skal bankast - det blir slik: Surnadal kommune tek opp eit lån på kr 40 672 000,- til finansiering av vedtekne investeringar i 2011. Lånet blir teikna som serielån over 30 år, med årlege avdrag på kr 1 355 734,-.Heile saka her.
Rådmannen foreslår også å rehabilitere hengebrua over Surna ved øvre Seter - ei sak som har ei lang historie og har vore oppe mange gonger: 1. Det blir teikna kontrakt med Vikingbygg A/S om rehabilitering av hengebru på øvre Sæter. 2. For å finansiere rehabiliteringa tas det opp et lån på kr. 1 mill. 3. Når rehabiliteringsarbeidet er gjennomført blir brua nedklassifisert til privat veg, i medhald av veglova § 7, 3. ledd. Heile saka her.
Og du finn heile saklista her.

.png)

