Myrar og småpøkku - ein kommentar utafrå
Det er nok ikkje noko særfenomen på Nordmøre at somme hokjønnsord har a i fleirtal: ei myr myrar, ei vik vikar, ei øy øyar, ei elv elvar, eller at somme hankjønnsord har e i fleirtal: ein streng strenger, ein sau sauer. Desse formene er vanlege over store delar av landet og skal skrivast slik i nynorsk.
Det kan hende at ordet småpøkku blir bruka slik at ein kan tru det er snakk om vaksine, men småpøkku (småpoke) er den sjukdommen (barnekoppar) som ein vaksinerer mot.
Etter å ha gått gjennom Bjarne Østbø si samling av surndalsord er det som venta greitt å sjå at med få unnatak er det snakk om eit felles ordtilfang i begge bygdene og for så vidt langt vidare. Det er storveges å sjå iveren etter å blankslipe denne språkarven. Det er viktig å komma i hug at dette ikkje er raritetar, men ein rikdom av uttrykksmåtar som vi skal halde fram med å bruke i tale og skrift.

Sverre Hatle

.png)