Rindal kapell vinter

Nåde over nåde

Orda er frå evangelisten Johannes når han målar opp for oss kor stor Jesus og gjerninga hans er. Dagens preike frå Øvre Rindal kapell ligg ved.

Evangelium: Joh 1,15-18

Johannes vitnar om han og ropar ut:
«Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg,
er komen før meg,
for han var til før meg.» 
          
   

Av hans overflod har vi alle fått,
nåde over nåde. 
          
   
For lova vart gjeven ved Moses,
nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.
          
   
Ingen har nokon gong sett Gud,
          
men den einborne, som er Gud,
          
og som er i fanget til Far,
          
han har synt oss kven han er.
 

Les me i evangeliet etter Johannes og prøver å tru det som står for å vera sant og vera vårt, blir det lett så tanken ikkje får vera i fred. Stadig kjem det meldt frå vårt indre og det me måtte ha av bagasje at dette er då ikkje nok??! Det finst noko meir og mykje som byrjar med ja, men .... ja, men ....

Det er ikkje så veldig vanskeleg å akseptere dette om at Jesus var hjå Faderen før alle tider og dermed  også var før både Johannes døyparen og oss. Dette syns eg igrunn er greitt og ikkje så vanskeleg å forstå.

Dei fyrste ja,men.... byrjar fyrst å bli plagsomme i møte med påstanande som er så direkte retta til oss. For når det er både sagt og skrive at me har fått og at me får frå Jesu overflod og dette er nåde over nåde ... så blir det vanskelegare. Det blir svært så problematisk.

For her går Jesus ut av sitt gode skinn, bokstaveleg talt. Han kjem frå det hinsidige, trancendente utanfor det som er vårt. Og så langt er det greit.

Men korkje Faderen eller Sonen ville at dette skulle vera ei permanent ordning. Dei hadde ikkje noko ønske om eit tosomt liv der ... skal tru om det var Ut eller Øst dei heldt seg? Moses fekk sin gudsdialog på eit fjell han vart lova at dei skulle feire gudsteneste seinare, når alt hadde vorte som det var sagt. Og etter at Israelsfolket hadde feira sine gudstenestar, var det andre som heldt fram. Det skulle bli store krav og endå større avvik. Det skulle bli ofra til mange slags gudar. Og vart det nokon gong slutt på dette?

Paulus forstår det slik at det er mange slags avgudar, men at det ikkje finst nokon Gud utan ein. Rett nok finst det såkalla gudar, både i himmelen og på jorda, ja, det er mange gudar og mange herrar. Men for oss er det ein Gud, vår Far.

Når det gjeld spørsmål om Gud Fader sin posisjon i forhold til andre gudar, kjem det ofte teser om at det nok må vera den same Gud innanfor alle dei store religionane. Så mykje hadde vore enklare om Gud Faderen og Allah hadde vore ein og same gud?!

Så langt eg hugsar, er dei ganske like i alt sitt syn på helligheit og all si gudsdyrking. Eller: Eg vil meine at mange muslimar har kome mykje lengre enn oss når det gjeld gudsteneste. Me sit på baken gjennom det meste av dagen. Dei legg seg på kne med panna i bakken fem gonger til dagen – vel og merke hvis dei er menn!! Dessutan fastar dei, og det kunne vel bortimot alle kristne òg ha godt av?!

Ikkje hadde me hatt vondt av å dele deira meining i synet på rusmidlar og tobakk, heller.

Og då var det gjerne nok. Eg kjenner på avsky når eg høyrer om sharia-lovar og om småjenter som blir lært opp til å pakke seg inn i svære skaut fordi det då er enklare å få dei til å halde fram med uskikken det er når dei blir ungdommar og vaksne. Skulle me hatt ein gud som me må gjera oss fortent til å ha, trur eg me hadde stilt ganske langt bak i køen, mange av oss.

Eg har høyrt at ein av onklane mine var med på eit kristent møte då han var ganske liten. Pedagogisk nok vender predikanten seg til onkel Mads og spør om han kjenner til ein stor syndar her i verda. Og onkel Mads kunne svare for seg: Ja, eg kjenner til ein. Og han heiter for Hans Bråthen. Det var visst ein som var utpeikt til å vera sværare syndar enn andre, i og med at han var kommunist.

Gjera seg fortent til å ha ein Gud. Er det dette me strevar etter når me ser inn i oss sjølve og ser grums så langt vitet bèr. Er det tanken på dette å gjera seg fortent til Gud som driv oss når me ser oss rundt og samanliknar oss med kven  det skulle vera. Eg vil tru slike samanlikningar resulterer meir i sjølvforrakt enn i hovmot. For me veit det jo, at det er slik. Me veit jo korleis det står til:

At me treng å få. Me treng å få det me ikkje klarer å produsere sjølve av oss sjølve.

Let me Johannes føre ordet på bokmål, høyrer me at: Av hans fylde har vi alle fått, nåde over nåde. Og så veit me ikkje heilt kva det betyr. Mine assosiasjonar på fyldig, går på ting me kan putte i munnen: Fyldig saus eller fyldig vin eller heilt generelt fyldig smak. Og om me treng klede som er i størrelse 2xl og oppover, er me i meste laget fyldige.

Nynorsk-skribentane i siste omsetjing av evangeliet etter Johannes byter ut ordet fyldig med overflod. Langt på veg er det nok Sylfest Lomheim me kan takke for det.

Overflod vil seia nok og meir enn nok. Meir enn me klarer å ta til oss. For eksempel kan eit rindalsk kakebord strutte av overflod når dei fleste gjestene stiller med kaketine. Overflod er på si side noko anna enn den ukontrollerte oversvømmelsen som riv med seg, forureinar og øydelegg. Me kan gjerne sjå det for oss som ein vasslange me ikkje klarar å stenge av fordi det stadig er meir og meir som skal leverast.

Treng me denne overfloden? Kva skal me med meir enn nok når nok er nok?

Eg hallar stadig meir til å tru at me treng denne overfloden av nåde. Hans overflod har me alle fått, nåde over nåde. Nåde over anna folk og nåde over oss sjølve.

Så får det våge seg at det kosta Jesus Kristus livet å få oss dit han vil ha oss:  At me takkar ja til Jesus som skatten vår og at me har hjarta vårt på same staden.

Nokon gonger kan det vera utfordrande og vanskeleg. Andre gonger kan det vera trygt og godt. Og igrunn handlar ikkje denne Gudsrelasjonen i Jesus Kristus om noko anna enn at Han tek seg av oss – uavhengig av størrelsen me kunne måle på trua eller vurderinga me måtte ha av intellektet vårt.

Me kan undrast kvifor ikkje fleire let seg elske til himmels. Er me ikkje fleire som kunne hatt godt av denne Jesu overflod som heiter for nåde over nåde? Så absolutt! Det kan vera prosessen byrjar med at me ser stort på oss sjølve. At me ser stort på kvarandre. Og ikkje minst at me ser stort på kva det betyr dette at me har fått overflod av nåde over nåde.

 

Innsendt av sokneprest Lene Gåsvatn