2020-05-11 Skitur roint Tjønna m Siv 300-01[1]

Når blir det badesesong på Igltjønna?

Da eg kom ned frå hytta 2. påskedag etter ei forholdsvis snørik påske, tok eg meg ein spasertur på Rindal Sentrum og tenkte at eg kunne lage ein bildedokumentar om kor fort snøen forsvinn om våren. Men i dag gikk eg rundt Igltjønna på ski! 11. mai! 

Derfor vart det ein bildedokumentar på ein sein vår i staden. Eller kan eg til og med kalle det ein sein vinter?

Tekst og foto: Eli Solvik

DSC00262_690x460.jpg
Dette bildet er teke frå brua der lysløypa går over bekken som renn ut av Igltjønna, 2. påskedag 2020, som var den 13. april.

2020-05-05 Gåtur Tjønna og nykjørt skiløype i mai 003.JPG
Frå 5. mai i år, for å dokumentere at det vart kjørt spor i lysløypa 4. mai. Er det rekord for skisesongens siste sporlegging i lysløypa? Link til facebook.

2020-05-11 Skitur roint Tjønna m Siv 182-01.jpg
Frå i dag 11. mai. Da vart det enda ein tur for å dokumentere snøsmeltinga. Men no har bildedokumentasjonen min fått eit anna fokus; det går da så seint med snøsmeltinga den våren her!

2019-05-06 Maisnø og når det klårna opp Tjønna 047-01.jpg
Nokre snøskurer i mai er vanlig, her fra 6. mai i fjor. Men mykje mindre snø og is enn i år. Her er ein link til fleire fotoglimt frå den første maiuka i 2019.

DSC01991-01.jpg
Oversiktsbilde over Igltjønna Skistadion, tatt 13. mai 2019.

2020-05-11 Skitur roint Tjønna m Siv 003-01.jpg
Oversiktsbilde over Igltjønna Skistadion, tatt 11.mai 2020.

2020-05-11 Skitur roint Tjønna m Siv 151-01.jpg
Igltjønna er kjent for å ha eit rikt fugleliv. Også i dag, sjølv om det er kaldt i år. Eg prøvde å komme litt nærmare for å ta bilde av svanene, og da fekk eg med endene som flaug opp.

2018-05-08 Årets første bad på Igltjønna 045.JPG
.. og Igltjønna er kjent for eit rikt badeliv. Her er det Klara Bjørnås som kosar seg ved vannkanten 8. mai 2018.

2018-05-08 Årets første bad på Igltjønna 030.JPG
... same dag, 8. mai 2018, hadde badenymfene årets første bad. Når badetemperaturen stig samlast dei fleire gonger i løpet av sommeren og svømmer over tjønna. Frå venstre Anni Karlstrøm, Kari Mette Skjølsvold og Inga Dalsegg.

DSC02136-01.jpg
I 2019 vart badenymfenes første bad den 16. mai. Frå venstre Siv Bakken, Kari Mette Skjølsvold og Inga Dalsegg.

2020-05-11 Skitur roint Tjønna m Siv 300-01.jpg
....og i 2020 er det vanskeleg å spå når badesesongen på Igltjønna kan starte. Siv Bakken sett seg på same plassen i dag, men kan konstatere at isen fremdeles er ganske tjukk.

DSC02105-01.jpg
Siv Bakken 16. mai 2019. Oss he trua på at det blir sommar i år og etterkvart.