fishing-boat-caught-in-a-storm-0021

Når det stormar som verst - .

Det hender seg stormen kjem både ute, innomhus og i angsten vår òg. Disiplane var i si tid ute i ein storm av det slaget dei gamle ville kalt fryktinngytande. Når folk blir redde, er dei ikkje lengre særleg seriøse. Uansett om dei er vaksne og disiplar aldri så mykje. Sundagspreika frå Øvre Rindal kapell les du nedafor. Der handlar det noko om at Jesus reddar oss så me slepp å drukne i våre eigne synder. Han er sterk når eg er svak.

Preike Øvre Rindal kapell 11.11.12 .

Då det leid til kvelds same dagen, sa han til dei: «Lat oss fara over til andre sida av sjøen.» Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med. Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full.  Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?»  Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt.  Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?» Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»

Mark 4,35-41

 

Det skulle ikkje forundre meg om ikkje nokon har vore inne på mammanett.no. Når eg skulle søkje på storm, havna eg der. Midt oppi eit veldig interessant spørsmål – frå ein far. Han spør:

 

Hva gjør dere når det stormer som verst?

 

Han treng hjelp til å klare å takle livet sitt, og spør rett ut: Hva gjør dere når det stormer som verst?

 

Veit de kva han får til svar?

Slutt å vær så seriøs hele tiden!

 

Er det nokon her som veit kva det vil seie å vera seriøs?

Kjenner de nokon som er seriøs?

Forstår de at det kan vera drygt å vera seriøs heile tida?

 

Viss de kjenner nokon som prøver å vera seriøse heile tida, veit de like godt at det får dei ikkje til. Ikkje eingong han pappa eller ho bestemor får til å vera seriøs støtt. Ikkje eingong venene til Jesus fekk til det.

 

Dei skulle liksom vera så tøffe og sterke, men så vart det for vanskeleg. For ingen klarar å vera tøff eller sterk når ein er redd!

 

Og dei vart redde då det storma på sjøen. Dei vart kjemperedde. Useriøst redde. For kva gjer vel ikkje redde disiplar? Dei furtar. Og dei bebreider. Og dei får det til å høyrast ut som at alt er verre enn det er.

 

Og det er det vel igrunn. Når bylgjene går så høgt at dei slår inn i båten, då har ein god grunn til å vera redd. Og kanskje sint med.

 

Jesus ligg på ei pute og søv bak i båten. Han vaknar ikkje av korkje virvelvind eller væte. Han må vekkast. Og når fyrst desse seriøse disiplane vekkjer han, er det ikkje med måte: Meister, bryr du deg ikkje om at me går under?

 

Altså: Bryr du deg ikkje om oss, du? Er du ikkje glad i oss, du? Er det akkurat det same for deg om me går under og druknar?

 

Disiplane er redde og sinte. Så blir dei nok ganske forundra når dei ser kva som skjer: Jesus talar til sjøen. Han trugar vinden og talar til sjøen. Det er omtrent som om Jesus seier hald kjeft og hald fred med deg!

 

Nokon foreldre prøver å seie det same når borna bråkar og kranglar og bebreider og furtar. Viss  både foreldre og born er like sure, kan de vera ganske sikker på at det ikkje blir likar` om foreldre seier slik ved kjøkkenbordet som Jesus sa til sjøen: Hald kjeft og hald fred med deg!

 

Men på sjøen verkar det. Det blir aldeles stilt. Det blir trygt. Og dei kjem seg vel heim, både disiplane og Jesus.

 

Kva skal me gjera når det stormar?

Me som er vaksne og skulle hatt betre vit, kan ta det heilt med ro. Det nyttar ikkje å kjefte og mase når det stormar i heimen. Tenk om me kunne lært det - .

 

Kva skal borna gjera når det stormar? Det går an å snakke med nokon om korleis ein har det. Om ein føler stress med skulearbeid, om ein føler at ein ikkje får vera med på leiken, om det er tankar og følelsar som er vanskelege. Det er utruleg kor mykje foreldre eller lærarar kan forstå og hjelpe når ting blir snakka om!

 

Og så er det noko berre Jesus kan hjelpe oss med. Særleg me som trur at det å vera seriøs er det same som å klare seg sjølv heile tida og fikse alt støtt. For det kan me ikkje likevel - .

 

Men det kan Jesus. Han kom til verda for å fikse det me ikkje får til, for å ordne det slik at me slepp å drukne i våre eigne synder.

 


 Bildet er henta frå askøy-kirken.no

 

 

NÅR DET STORMER

Når det stormer, når det stormer,                               når det stormer rundt omkring.
Når det stormer, når det stormer,                               når det stormer rundt omkring.
Gud er sterk når jeg er svak,                                    hjelper meg å ta nye tak.
Når det stormer, når det stormer,                            når det stormer rundt omkring.

MIN BÅT ER SÅ LITEN

Min båt er så liten og havet så stort,                            men Jesus har grepet min hånd.
Når han styrer båten,                                                så går det så bra på veien til himmelens land.
Når han styrer båten,                                                 så går det så bra på veien til himmelens land.