Picasa

Når Gudsriket kjem på skinner

Markus tykte “automatisk” var eit høveleg ord for å beskrive Guds rike. Det skjer av seg sjølv og det kjem av seg sjølv. Tema vart utdjupa på Bibeldag-gudstenesta i kapellet sundag. Preika les du nedafor.

På bildet over ser vi dei 5.-klassingane i Rindal som møtte fram og fekk Bibel frå Rindal sokneråd. Nedst kan du sjå bilde av dåpsfølgjet.
 

Såmannssundag Øvre Rindal kapell 2015.

Prekentekst: Markus 4, 26-31.

Og han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når en mann har sådd korn i jorden. Han sover og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet spirer og vokser, men han vet ikke hvordan det skjer. Av seg selv gir jorden grøde, først strå, så aks og til sist modent korn i akset. Så snart grøden er moden, svinger han sigden, for høsten er kommet.» 

Han sa: «Hva skal vi sammenligne Guds rike med? Hvilken lignelse skal vi bruke? Det er som et sennepsfrø. Når det blir sådd, er det mindre enn noe annet frø på jorden, men når det er sådd, vokser det opp og blir større enn alle hagevekster og får så store greiner at himmelens fugler kan bygge rede i skyggen av det.»

    Med mange slike lignelser talte han ordet til dem, så mye de var i stand til å høre. Uten lignelser talte han ikke til dem. Men når han var alene med disiplene, forklarte han alt for dem.

 

Guds rike er nokon merkelege greier.

Guds rike er så enkelt og ukomplisert at born kan forstå seg på det. De høyrde vel Jesus sitert på korleis han skjente på disiplane som ville jaga bort borna:

Lat dei små borna koma til meg og hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til. Altså kan born både forstå Guds rike og eige Guds rike.

Guds rike er så vanskeleg og innvikla at dess meir ein les og studerer det, dess meir forstår ein av sin eigen begrensning. Det blir berre for stort og for ufatteleg komplisert!

Det er dette som er så rart med Guds rike. Det er så alt for stort til å få plass inni hovudet på den mest intelligente professor. Og samtidig er Guds rike akkurat passe stort til å få plass inni tre skvettar med vatn. Inni så mykje vatn som eg klarte å få plass til i handa mi tre gonger – der er Guds rike.

I Faderens og Sønnens og Den Hellige Ånds navn. Denne sjølvgåande motoren som vil godt, som vil vel, som vil trøyste, som vil ... skal me samle alt av Guds godheit i eitt ord, snakkar me om velsignelse.

Noko eg tenkjer ein del på, og bekymrer meg over, er korleis eg skal snakke om Gud og Jesus og Den hellige Ånd på ein slik måte at eg får sagt noko om velsignelse, godheit og kjærleik?

Det finst så mykje slags folk. Nokon er tålmodige mens andre er utålmodige. Nokon er lure, mens andre ikkje har så mykje forstand. Nokon er flinke til det eine mens andre er flinke til noko anna. Me er så forskjellige.

Og alle oss, uansett om me er små eller store, uansett om me er nysgjerrige på livet eller meiner oss ferdigtenkt med alle tankane me hadde tenkt å tenkja, har fått ein akkurat passe stor plass i Guds rike.

Eller for å summere alt eg har høyrt av Helge Gudmundsen som kjem til Lomundsjø Bedehus og preker på juletrefesten år etter år: I Jesu navn så er du bra nok!

Om de ikkje hugsar anna frå denne gudstenesta i Øvre Rindal kapell i dag, så hugs dette: I Jesu navn så er du bra nok!

Me har så lett for å sjå til sides og samanlikne oss med alle andre. Særleg dei som ser ut til å vera så mykje meir vellukka enn oss. Alltid skal det vera nokon som har betre smak og større vennekrets, er flinkare til å snakke for seg og mindre klønete på ski osv osv. Og så blir me reint oppgitt og endå meir misfornøygde med det som er vårt.

Me kan gjerne undrast kva slike tankar har i Guds rike å gjera? Er ikkje alle like gode der? Er ikkje alle like høgt elska der, uavhengig av vennekrets eller antall kongepokalar? Står ikkje alle på lik linje der – uansett om me er små og nydøypte som Vilja eller om me er 5.klassingar eller om me er besteforeldre.

Me treng ikkje gjera tinga vanskelegare enn Jesus gjorde. Han prata om at Guds rike er som når ein mann sår i jorda og så går tida og så spirar kornet og så veks det .... og så veit ikkje denne mannen korleis det skjer!

Det er som eit under som gardbrukaren ikkje har kontroll over. Han forstår det ikkje, men det blir likevel. Faktisk skreiv evangelisten Markus at det skjedde automatisk!

Så er det eit håp og ei bøn at Guds rike automatisk må vekse og gro inne i tankane våre så me kan kjenne oss trygge på at Guds rike er vårt og at det er godt. Nokon kallar det for tru, og me har tidlegare høyrt om at tru også er noko som skjer automatisk:

Høyrer me om Jesus, så er dette eit frø som er sådd i hjarta vårt og tankane våre. Så blir det til tillit og tru på han som vil oss vel. Og skal me ha nokon som helst slags forutsetning for å kunne tru, så må me høyre det som er skrive om Jesus.

Og lesa det. Og tenkja grundig over dette store, gode som skjer når Guds rike blir opna for oss og me automatisk forstår at me høyrer til der.

Vilja Sæthervik Bakken med faddere.